Førehandsfavoritten i Masters kan måtte trekke seg

Sjølv om Scottie Sheffler ligg svært godt an i The Masters, er det ikkje sikkert at golfspelaren fullfører heile turneringa.

Ærleg Hovland etter opningsrunda: – Var ikkje veldig komfortabel utpå der

Video credit: Eurosport

Etter opningsrunda ligg verdseinar Scottie Scheffler på -6, berre eitt slag bak leiar Bryson DeChambeau. Likevel legg han ikkje skjul på at han kan ende opp med å trekke seg i løpet av helga, uansett om han så tar over leiinga ein av dei komande dagane.
Kona hans er nemleg høggravid og kan føde når som helst. Scheffler har sagt at han vil vere til stades på sjukehuset når det skjer.
– Om det skjer, så drar eg herifrå. Eg trur det første barnet vinn over ganske mange ting i livet mitt, sa Scheffler under onsdagens par 3-turnering på Augusta ifølge avisa Augusta Chronicle.
Viktor Hovland er også i aksjon i The Masters. Sjå intervju med han etter opningsrunda øvst i saka.

Fleire i same situasjon

Det same gjeld Sam Burns. Kona hans, Caroline Burns, er berre dagar frå termindatoen. Han ligg foreløpig på ein 69. plass, tre slag over par.
– Eg veit at Caroline vil at eg skal vere her, så forhåpentlegvis blir det ingen baby denne veka, sa Burns, som har T29 som beste resultat i The Masters, ifølge NBC.
Prioriteringa fell ikkje i smak hos alle.
– Viss pappaen min hadde leia The Masters og trakk seg for å kome og sjå meg bli født, ville eg aldri ha snakka til han, skriv ein brukar på X.

Favoritt til å vinne

Scheffler er ein av førehandsfavorittane til å attskape bragda frå 2022 og vinne turneringa.
Discoverys golfekspert Marius Thorp trekk han også fram som ein sigerskandidat.
– Ikkje sidan Tiger sine glansdagar har det i mine auge vore ein større favoritt i Masters. Han har to sigrar og ein andreplass i sine tre siste turneringar, og kan dermed ikkje vere betre rusta til Masters-veka. Kven skal slå Scheffler? Ikkje veit eg, sa Thorp før turneringsstart.
Fått med deg denne?
picture

Hovland ace hull 6

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame