Ruud fall to plassar på verdsrankinga – passert av Rune
Publisert 14/08/2023 klokken 07:36 GMT+2
Førre veke fall Casper Ruud frå fjerdeplass til femteplass på verdsrankinga. No er han nede på sjuande plass.
Casper Ruud.
Foto: NTB
Etter National Bank Open-turneringa i Toronto, er Casper Ruud no rangert som nummer sju i verda på ATP si rankingliste.
Han har blitt passert av danske Holger Rune (5) og italienske Jannik Sinner (6). Sistnemnte stod igjen som vinnaren av turneringa, og vann 910 poeng.
Bryr seg ikkje
Discoverys tennisekspert Christer Francke, meiner Ruud ikkje bryr seg om nedrykket.
– Dei tenker ikkje på det i det heile tatt. Det handlar om å gjere det bra i neste turnering og få eit bra resultat, men sjølvsagt vel ein å vere topp fire om ein kan det.
Ruud har tidlegare uttalt til Discovery at han ikkje stressar med rangeringa, så lenge han er innanfor topp ti.
– Om ein er 4., 6., 8., 3., eller 9. er ikkje den aller største forskjellen, så lenge ein held seg blant dei ti beste.
– Ikkje fornøgd
Ruud var i semifinalen i den kanadiske turneringa i 2022, noko han ikkje klarte å forsvare i årets turnering. Difor tapte han 270 poeng på rankinglista. Rune presterte heller ikkje så bra i Canadian Open, men tapte berre 35 poeng etter han rauk ut i andre runde, då han rauk ut i same runde i fjor.
Dansken har aldri vore så høgt på lista før, men fortalde til nettsida Tennishead, då han framleis var nummer seks i verda, at han ikkje er fornøgd før han blir nummer éin.
– Eg er glad for å vere nummer seks, men eg er ikkje fornøgd. Eg vil ikkje ende oppp på nummer seks, eg vil bli nummer éin. Det er ingen hemmelegheit, seier den danske tennisstjerna.
Likevel ville 20-åringen valt ein Grand Slam-tittel over førsteplassen på rankinglista.
– Eg er meir motivert til å vinne turneringar. Eg vil heller vinne ein Grand Slam-tittel og vere nummer seks i verda, enn å ikkje vinne ein Grand Slam og vere nummer éin.
Tenniseliten skal i aksjon i Masters 1000-turneringa i Cincinnati denne veka. Der vil det vere ein tett kamp blant fleire tennisspelarar om å ta over 4.plassen på rankinglista, og få fjerde seeding i US Open i slutten av august.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/08/12/3761229-76514508-2560-1440.jpg)
Publikum i ekstase etter vilt Alcaraz-slag
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame