Populære sporter
All sport
Vis alt

Hovland med birdie-show – med i tetsjiktet før siste runde

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 16/09/2023 klokken 17:34 GMT+2

Viktor Hovland hadde ei tøff andrerunde, men på laurdag kunne 25-åringen glede seg over fleire birdies.

Viktor Hovland.

Foto: Getty Images

Etter mykje stang ut på den andre runda i BMW PGA Championship, fekk Viktor Hovland det til å stemme meir på laurdag.
Den første birdien for dagen blei eit faktum allereie på hol to. To hol seinare augna han eagle-moglegheita, men kom akkurat litt kort på tredjeslaget, og måtte i staden nøye seg med ein birdie.
Birdie-showet stoppa ikkje der. Etter par på neste hol, hadde Hovland eit godt innspel til green på hull seks. Dryge tre meter frå pinnen putta han dagens tredje birdie.
Hovland runda halvvegs på -3 for runden.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Hovland innrømmer «rar» følelse: – Må ha to tanker i hodet samtidig

Fekk trøbbel

Etter fem par på rad, hadde Hovland endå ein kjempemoglegheit til å putte til eagle på hull 12. Golfstjerna missa eagleputten frå dryge to meter, då ballen gjekk til høgre for holet, og i staden vart det birdie nummer fire.
Det første problemet på runda kom på hol 14. Etter å ha slått utslaget ut i eine bunkeren på venstre sida, og andreslaget forbi hola, måtte han tole dagens første bogey.
Direkte etterpå slo nordmannen tilbake. Den femte birdien for dagen førte Hovland opp til -9 totalt.
25-åringen frå Ekeberg ville ikkje gje seg der. Etter å ha gått på ein bogeysmell på hol 16 dagen før, fekk Hovland ei betre oppleving på holet. Utslaget gjekk ut i semi-roughen, men golfesset henta seg inn på meisterleg vis. Han spelte seg inn på green på andreslaget, berre to meter frå pinnen, og putta sin sjette birdie denne runda.
Hovland avslutta runda med par på dei to siste hola.

Klatra på resultatlista

Hovland var fem under par då han starta den tredje runden, men enda opp på -10. 25-åringen klatra også på resultatlista. Han låg på 25. plass før tredje runde, men etter seks birdies klatra han opp til ein 11. plass før den siste runda søndag.
Svenske Ludvig Åberg og skotske Connor Syme leiar turneringa, og ligg på førebels på -14 totalt.
Runda held framleis på.
Fått med deg denne?
picture

Hovland bryter ut i latter: – That’s it?

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame