Populære sporter
All sport
Vis alt

Vil vise seg frå ei betre side: – Handlar mykje om stoltheit

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 15/07/2023 klokken 20:50 GMT+2

Det nærmar seg avspark for VM i Australia og New Zealand. Landslaget legg ikkje skjul på at dei vil vise seg frå ei betre side.

Ada Hegerberg.

Foto: NTB

– Eg føler ting har blitt gjort veldig etter planen. Vi har hatt ei veke no der vi har fått køyrt på litt.
Det seier Ada Hegerberg ei vekes tid før ho og det norske landslaget møter New Zealand på deira heimebane, i opningskampen i VM.

Lang reise

Det norske landslaget reiste ned til New Zealand 4. juli, og har brukt nokre dagar på å kome seg.
– Det var ei ganske lang reise og stor tidsforskjell, så tida har berre blitt brukt til å kome oss inn i ei normal døgnrytme med søvn og trening. Det må skje litt gradvis.
20. juli er Noregs opningskamp, ein kamp spelarane er spente på.
– Eg er veldig gira på å få starta i gong meisterskapet. Eg merker på ei spenning, seier Bayern München-spelar Tuva Hansen.
picture

Tuva Hansen.

Foto: NTB

Vil slå tilbake

Under fjorårets EM fekk Noreg ein tidleg exit. Fleire av spelarane var spesielt prega etter marerittkampen mot England, der dei gjekk på eit 8-0 tap.
– Vi har veldig lyst til å slå tilbake. Eg kan love at for oss, så handlar det om å vise at vi er her for ein grunn. Det handlar mykje om stoltheit: Vi representerer eit heilt land på den største scena, seier Hegerberg.
Det er Guro Reiten einig i.
– Eg trur vi er betre enn det vi fekk fram den gongen, og vi håper vi kan klare å vise dokke det.
Chelsea-spelaren meiner det er fleire grunnar til at ho meiner det er eit betre landslag som møter New Zealand.
– Vi er alle eitt år eldre, og har litt meir erfaring. I tillegg har vi eit nytt trenarteam og ein ny måte å spele på. Vi har fått gode resultat mot gode nasjonar, og eg synest kanskje at vi heng meir saman som eit lag.
picture

Guro Reiten.

Foto: NTB

Møter Portugal i treningskamp

Den første testen for Noreg kjem i ein uoffisiell, lukka kamp mot Portugal søndag. Det trur Hansen vil vere ein fordel for laget.
– Då kan vi prøve litt forskjellige triks og sjå kva som fungerer, gjere bytte og andre ting.
Reiten er einig med lagkameraten:
– Eg trur det blir ekstremt viktig å få ein kamp før det brakar laus. Vi har ikkje spelt kamp saman på ein god stund. Slik er det på landslag: Alle forsvinn, og så møtes vi i ti dagar og alt skal sitte. Slik er det ikkje alltid, så det blir ei veldig viktig øving for oss.
Sett denne?
picture

Kjem med humoristiske stikk til Bakke: – Det driter eg i

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame