Trur Noreg kan nå langt om dei slår Japan: – Tøff utfordring

Eurosport på Google

Laurdag møter Noreg Japan. Om Noreg vinn, trur Discoverys fotballekspert at det er gode moglegheitar for å gå langt i meisterskapet.

Norske landslagsspelarar under kampen mot Filippinene.

Foto: NTB

– Eg vil seie det er 60/40 fordel Japan. Kanskje litt meir. Japan blir den tøffaste utfordringa til no.
Det seier Discovery sin fotballekspert, Asbjørn Myhre.
Laurdag møter Noreg Japan i åttedelsfinalen, etter at dei slo Filippinene 6-0, og kom på andreplass i gruppa si.
– Dei begynte med ein heilt elendig prestasjon mot New Zealand, var mykje betre mot Sveits og avslutta overtydande mot Filippinene.

Grunn til optimisme

Myhre meiner at den positive trenden spillmessig gir grunn til optimisme i neste kamp.
– Noreg har blitt betre utover i VM og dei ser ut til å ha handtert alt bråket på ein god måte.
Ifølge eksperten er det spesielt éin ting Noreg ikkje må gjere når dei møter Japan.
– Vi må for all del ikkje gje Japan mange kontringsmoglegheiter. Japan hadde nesten ikkje ballen mot Spania, men forsvarte seg bra og kontra spanjolane i senk. Det kan godt vere at Noreg medviten legg seg ganske lågt i den kampen, seier han.
Fått med deg denne? Saka held fram etter videoen.
picture

VIF-kapteinen med beskjed til supporterne

Video credit: Eurosport

– Opplagt kven som bør starte

Ada Hegerberg forlèt bana med skade før kampen mot Sveits. I kampen mot Filippinene var ikkje angrepsspelaren speleklar, og Sophie Romàn Haug kom inn som erstattar.
Romàn Haug strålte i erstattarrolla, og scora hat-trick.
Eksperten meiner at det er opplagt at Romàn Haug må starte kampen mot Japan.
– Både etter det ho viste sist og det faktum at ho er ein av verdas beste hovudspelarar, og at det er nettopp i luftrommet vi kan straffe Japan hardast I så fall har vi ein fantastisk joker å sette innpå i Ada Hegerberg, men ho har tross alt vore skada.
– Eg håper ikkje Hege Riise prøver å vere for smart for å finne plass til begge, legg Myhre til.

Fordel Japan

I førekant av VM uttalte Hege Riise at laget hadde mål om å vinne puljen. Etter tap mot New Zealand og uavgjort mot Sveits, skjedde ikkje dette.
– Å gå vidare frå gruppespelet var på ein måte det minste vi kunne forvente av Noreg, seier eksperten.
Det var forventa at Noreg kom til å møte anten Spania eller Japan allereie før meisterskapet starta.
– Det er jo ein nøtt, sa Riise til Discovery før avreise.
Myhre er einig med Riise.
– Japan eller Spania ville uansett blitt ein tøff motstandar. Dei har litt ulike styrker, men eg vil seie begge ville vore favorittar mot Noreg. Eg trur ikkje det betyr all verda at det blei Japan kontra Spania.

Gode moglegheiter vidare

Om Noreg vinn mot Japan, trur fotballeksperten at det vil vere gode moglegheiter vidare.
– Eg trur faktisk Japan er tøffare motstandar enn det Sverige eller USA vil vere i ein eventuell kvartfinale. Kanskje også tøffare enn det vi eventuelt vil møte i ein semifinale.
Eksperten trur difor at laurdagens kamp er eit verkeleg hinder med tanke på moglegheita for å gå langt i meisterskapet.
Sett denne?
picture

Graham Hansen før VM: – Klar for å gjøre det jeg er best på

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame