Hattrick-helten på eksklusiv liste
Publisert 03/08/2023 klokken 09:25 GMT+2
The Guardian har laga ei liste over ti spelarar som ikkje var etablerte internasjonale namn før VM, men som no har gjort seg fortent til det. Ein nordmann har fått plass på den lista.
Sophie Romàn Haug blir gratulert etter 6-0 scoringa mot Filippinene.
Foto: NTB
The Guardian har lista ti nykommarstjerner under VM for kvinner i New Zealand og Australia.
På lista finn ein norske Sophie Romàn Haug. Ho erstatta Ada Hegerberg i kampane mot Sveits og Filippinene. I sistnemnte kamp strålte ho på topp, og scora hat trick.
– Annonserte seg sjølv
Den britiske avisa kjem med lovord om Roma-spelaren etter kampen mot Filippinene søndag.
– Haug annonserte seg sjølv på verdsscena med eit suverent hat trick.
Avisa skryt spesielt av hennar første mål, og meiner det er eit av dei beste måla i meisterskapet til no.
Romàn Haug spelte berre åtte minutt i fjorårets EM, men i VM har ho fått mykje speletid då Ada Hegerberg har vore ute.
– I Ada Hegerberg sitt fråvær, viste ho sine målgivande eigenskapar, og sendte eit trøblete Noreg vidare, skriv avisa.
Imponert av 18-åring
Romàn Haug deler plass på den eksklusive lista i lag med Chelsea-spelar Lauren James, Sevilla-spelar Toni Payne og brasilianske Ary Borges.
Colombianske Linda Caicedo er også nemnt på topp ti-lista.
The Guardian skriv at Real Madrid-spelaren, Caicedo, har hatt nokre utrulege månadar det siste året.
– Ho blei kåra til den beste spelaren i Copa América, og i U17-VM, og blenda publikummet i Sydney i senior-VM-debuten hennar mot Sør-Korea, der ho scora sitt første mål, skriv avisa.
Alle auge var retta mot Caicedo då ho på førre torsdag kollapsa på trening. Det heile enda bra, og 18-åringen var speleklar mot Tyskland berre tre dagar seinare. Der scora ho også det første målet i kampen.
– Målet hennar i kampen mot Tyskland vil gå ned som eit av dei beste i turneringa, skriv avisa.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/07/29/3753673-76363388-2560-1440.png)
VIF-kapteinen med beskjed til supporterne
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame