Populære sporter
All sport
Vis alt

Svenske fekk sin norske landslagsdebut – rørt til tårer

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 27/10/2023 klokken 23:52 GMT+2

Fleire spelarar kunne fredag tre inn på bana med det norske flagget på brystet for første gong, blant anna svenske Mimmi Löfwenius Veum.

Fekk landslagsdebuten: – Magisk

ULLEVAAL STADION (Discovery):
Onsdag vart det bekrefta at svenskfødde Mimmi Löfwenius Veum vart henta inn i troppen til Leif Gunnar Smerud til dei to Nations League-kampane mot Frankrike.
Smerud venta ikkje på å gje Vålerenga-speleren tillit, og allereie i hennar første kamp var ho med frå start.
– Det var heilt, heilt fantastisk. Ein magisk kveld. Eg ville gjerne vunne, men bortsett frå det var det veldig gøy, seier Löfwenius Veum til Discovery etter 1-2-tapet mot Frankrike.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Sjølvmål senka Noreg: – Eit pissmål

Tydeleg rørt

Då den norske nasjonalsongen blei spelt frå høgtalarane på Ullevaal Stadion, var svensken tydeleg rørt. Tårene trilla nedover begge kinna, medan ho stod med det norske flagget på brystet. Debutanten beskriv augeblinken som spesielt.
– Det var fantastisk å vere der ute og høyre og synge nasjonalsongen. Eg naut det verkeleg. Det er noko eg har jobba mot i lang, lang tid.
29-åringen kom til Noreg i 2014 og signerte for LSK, der ho spelte fram til 2023, med to år i Lyn. I fjor fekk ho norsk statsborgarskap. Ettersom ho ikkje har spelt A-kampar for Sverige, var det berre ein formalitet å få ho speleklar, noko FIFA gav klarsignal at ho var tysdag kveld.
Svensken fortel at det berre har vore positive reaksjonar på at ho har valt å spele for det norske laget.
– Det har berre vore bra, så det tar eg med meg.

– Frysningar

Löfwenius Veum var ikkje den einaste som fekk debuten sin på Ullevaal fredag kveld. Også hennar tidlegare lagvenninne i Lyn, Cathinka Tandberg, fekk sine første minutt i landslagsdrakta. Ho vart bytta inn etter 80 spelte minutt.
– Det er utruleg stort. Eg fekk frysningar då eg høyrte namnet mitt og at eg skulle på. Det er noko eg har drøymt om veldig lenge, så det var sjølvsagt utruleg gøy, seier Linköping-spelaren til Discovery.
19-åringen fortel at ho var nervøs i starten då ho kom inn i landslagstroppen, men at ho sit igjen med gode minner frå hennar første samling.
– Med ein gong eg kom inn i gruppa, så var det berre å sleppe ned skuldrane. Det er utruleg fine jenter, så det har vore veldig bra.
picture

Cathinka Tandberg.

Foto: NTB

Fornøgd landslagssjef

Kaptein Maren Mjelde fortel at det var kjekt å få to debutantar i løpet av kampen.
– No var det ein litt eldre veteran som debuterte, Mimmi, som er godt kjent i norsk fotball dei siste ti åra, så det var veldig kult, og veldig kult å få ho inn denne veka her.
– Og Cathinka som gjer sin første kamp. Ho er eit ungt, lovande talent. Det er kult å sjå at det er fleire som meld seg på. Det treng vi, legg Mjelde til.
Landslagssjefen er fornøgd over det han såg frå debutantane, både under kampen, men også tidlegare i veka på samling.
– Eg synest at både dei som starta og dei som kjem inn gjer det bra. Det er sunn og god konkurranse i gruppa. Dei som kjem inn er fokusert på å ta og gripe den sjansen, og folk bakfrå pusher for å få sjansen, og det er ein fin situasjon.
Høyr denne vekas episode av Indre Bane:
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame