Populære sporter
All sport
Vis alt

Brann sikra tre poeng på overtid – møter storlag i neste kamp

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 01/02/2024 klokken 16:50 GMT+1

Brann tok tre poeng mot St. Pölten onsdag kveld, men var allereie vidare til kvartfinale i Champions League ved kampstart.

Brann jublar etter scoring mot St. Pölten.

Foto: NTB

Brann - St. Pölten 2-1 (1-1)
Onsdag tok Brann i mot St. Pölten i Champions League.
Brann avslutta gruppespelkampane med ein siger etter scoring frå Amalie Eikeland få sekund på overtid.
– Det var godt å få det målet på slutten. Eg synest vi fortjente den sigeren, så det var godt å avslutte gruppespelet slik, sa Eikeland til NRK etter kampen.

Heimelaget dominerte

Brann fekk ei stor moglegheit alleiere i første speleminutt. Eikeland fekk mykje plass på høgre side, og avslutta frå ein god posisjon, men Carina Schlüfer redda på mesterleg vis.
Sjølv om heimelaget pressa frå start var det St. Pölten som fekk den første scoringa. Etter ein corner fekk Sarah Mattner sat foten på ballen på rundt fem meter, og Aurora Mikalsen vart sjanselaus i buret.
Raudtrøyene lykkast sjølv på corner kort tid seinare. Forsvaret til det austerriske laget forsøkte å klarere, men ballen hamna i staden hos Justine Kielland som utlikna for Brann.
Brann dominerte resten av omgangen, men klarte ikkje å setje meir enn eitt mål, sjølv med fleire gode moglegheiter.
Etter kvilen var heimelaget nærast å gå opp i leiinga, men omgangen var mykje jamnare enn den første. Få sekund på overtid klarte Eikeland å setje ei etterlengta scoring i mål, etter eit perfekt innlegg frå Kielland.
Dermed enda kampen 2-1.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Kåra til verdas beste fotballspelar – oppdaterte på skadesituasjonen

Møter storklubb

Uansett korleis kampen ville ende, var Brann uansett vidare til kvartfinalen i turneringa. Med sine 10 poeng hadde dei seks poeng ned til tredjeplasserte Slavia Praha før kampstart. Til slutt enda dei med 13 poeng, berre eitt poeng bak Ada Hegerbergs Lyon. Dei spelte uavgjort mot Slavia Praha onsdag, etter at Slavia Praha scora på overtid.
Brann kjem til å møte Barcelona, PSG eller Chelsea i neste kamp. Dermed kan Toppserie-laget møte blant anna møte Ingrid Syrstad Engen, Caroline Graham Hansen, Guro Reiten og Maren Mjelde.
– No møter vi verdsklasselag uansett kven vi får, så no må vi opp eit hakk, seier Eikeland til NRK.
Kven dei møter blir klart tysdag.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame