Populære sporter
All sport
Vis alt

Får spele Champions League i heimlandet – spent på éin ting

Oppdatert 21/12/2023 klokken 11:02 GMT+1

Torsdag skal Ada Hegerbergs Lyon spele Champions League-kamp mot Brann. Det ser den norske stjernespelaren fram til.

Gler seg til ta med lagvenninnene til Noreg: – Trur nokre blir sjokkert

ULLEVAAL STADION (Discovery):
Franske Lyon har vunne åtte Champions League-titlar, det siste i 2019/2020-sesongen. Likevel blir denne sesongen noko spesiell for Ada Hegerberg.
I trekninga blei det nemleg klart at Lyon hamna i gruppe med Slavia Praha, St. Pölten og Brann.
Torsdag drar Hegerberg med lagvenninnene sine til Bergen by for å møte Noregs første lag i Champions League, etter at turneringsoppsettet blei endra.
– Eg er veldig glad for at eg kan spele Champions League på heimebane. Det er ei kjær turnering, seier Hegerberg til Discovery.
Sett denne?
picture

Er på utgåande kontrakt: – Vanskeleg å forlate gjengen

Ville spele på Stadion

Sjølv om stjernespissen ser fram til møtet, skulle ho ønske at éin ting var annleis med den komande kampen.
– Eg håpte vi skulle spele på Brann Stadion, men når UEFA klarer å setje opp ein kamp 21. desember i Noreg, så skjønner eg at den ryk.
I staden går kampen på Åsane Arena. Brann Kvinner har derimot fått fleire kampar på Brann Stadion gjennom sesongen. Champions League-kampen mot Slavia Praha vart spelt der, og det vart også nokre av kvalifiseringskampane.
Sunndalingen er imponert over det Brann har fått til denne sesongen.
– Dei har fått mange fine kampar i Bergen, både i ligaen og i Champions League. Eg har sett kor god stemning det blir skapt i Bergen by når det kjem til Brann.
Brann fekk ein pangstart på Champions League-eventyret, og stod med seks poeng etter to spelte kampar. Det gjorde også Lyon. Då dei to laga møtte kvarandre til det første oppgjeret i Lyon, var det heimelaget som var sterkast. Dei vann 3-1, etter ei scoring frå Hegerberg.
– Etter mi meining vinn vi heilt fortjent 3-1. Vi viser at det eigentleg er ganske stor forskjell på laga i største del av kampen. Dei fekk ein god periode i andreomgang, men til slutt vinn vi komfortabelt. Så kjem vi til å gi alt for å spele god fotball torsdag, spesielt for nordmenn, sa Hegerberg på ein pressekonferanse dagen før kampen i Bergen.
Dei to andre laga i gruppa, St. Pölten og Slavia Praha, spelte uavgjort same dagen. Brann står stermed med seks poeng på andreplass med tre kampar igjen å spele i gruppespelet, medan Hegerberg og Lyon toppar med full pott og ni poeng.

Kan få søsterduell

På Brann spelar Hegerberg si søster, Andrine Hegerberg. Ho har vore ute med kneskade, men har hatt eit ønske om å rekke Champions League.
Kampen i Frankrike kom for fort, men ho har likevel eit håp om ein Hegerberg-duell på Åsane Arena.
– Eg skal i alle fall gjere ein god innsats for å legge ned ein god jobb for å kome inn, og så håper eg vi får lagt inn ei lita takling på veslesøster her før jul, seier storesøster Hegerberg til NRK.
Onsdag vart det bekrefta på ein pressekonferanse at eldstesøster Hegerberg er friskmeldt, og kan få nokre speleminutt.
Men når søstrene står på bana, er det ikkje familieforholdet som gjeld, tvert i mot:
– Det er kjekt for familien at vi skal møte kvarandre, men det handlar om å vinne matchen, og slik har det alltid vore når vi har møtt kvarandre.
Sjølv om Champions League-spel heng i ein tynn tråd for storesøster Hegerberg, har Lyon-spelaren håp om eit vellykka comeback for søstera.
– Eg håper for hennar del at ho kjem seg tilbake, og sterkt tilbake. Det kjem ho til å gjere.

Spent på kulden

Lyon-laget består stort sett av spelarar frå varmare land enn Noreg. Hegerberg er dermed spent på å få laget med til heimlandet midt på vinteren.
– Det blir artig å få med gjengen i Lyon heim til norsk jord, sjølv om eg trur nokre av dei kjem til å bli veldig sjokkert av kulden, seier Hegerberg til Discovery.
Heldigvis for Lyon-spelarane er det meldt plussgrader i Bergen på kampdagen.
Fått med deg denne?
picture

Roser hattrick-helten: – Voldsomt nivå

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame