Populære sporter
All sport
Vis alt

Éin ting motiverer ekstra mykje: – Alle drøymer om det

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 21/09/2023 klokken 13:56 GMT+2

Når Noreg no går Nations League-kampane i møte, er det med ein særleg draum om OL-billett.

Speler for OL-billett: – Veldig stort

I enden av Nations League-turneringa venter det nokre OL-billettar. Det er ein stor motivasjon for fleire av dei norske spelarane.
– Alle drøymer om det. Vi veit kva som ligg i potten, og vi veit kva som står på spel.
Det seier Elisabeth Terland til Discovery. Ho vart vraka frå landslaget i førekant av VM, men no er ho tilbake i varmen, og klar for å gjere ein innsats for å gje det norske landslaget ein kjempestart på vegen mot OL-billetten.
– Eg vil bidra og gjere det beste for landet mitt, så det er veldig deilig å vere på samling igjen, seier ho til Discovery.
Fått med deg denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Nominert til gullballen: – Veldig audmjuk

Trongt nålauge

For Tuva Hansen er OL også eit stort mål.
– Det hadde vore utruleg kult. Det er veldig stort, og alle fotballspelarar ønsker å delta i OL, seier Hansen.
For å få den billetten må dei gjennom fleire hinder, og det første venter allereie på fredag, då Noreg møter Østerrike på heimebane. Tuva Hansen trur laget har nokre spennande kamper i møte.
– Det kan bli jamne kamper, men eg håper verkeleg at vi kan vise oss frå vår beste side, og vinne kampane, seier ho til Discovery.
Nålauget for å kome til OL er svært trongt. Noreg må vinne gruppa si i Nations League, i tillegg til at dei er avhengige av å vinne semifinalen i februar. Der er det berre plass til dei fire gruppevinnarane på A-nivået.
– Det er ekstremt vanskeleg å kvalifisere seg som eit europeisk lag. Det er få plassar og veldig mange gode lag, så det blir tøft. Vi har ein moglegheit, og vi er nøydde til å starte med to sigrar her, seier Guro Reiten til Discovery.
Det seier landslagssjef Leif Gunnar Smerud seg einig i.
– Det er eit trongt nålauge sjølvsagt. Eg har vel ikkje vore nærmare ein OL-billett nokon gong, så vi må prøve.

– Mykje å spele om

Laga speler ikkje berre om OL-billettar, men også om rangeringspoeng. For Smerud veg det eine tyngre enn det andre.
– Eg trur at om vi casher inn ein OL-billett, så vil det definere Nations League, seier landslagssjefen med eit smil.
– Om vi ikkje gjer det, så er det mykje anna å spele om. Det held fram med tanke på seeding og neste runde i Nations League. Det er viktig å karre til seg alle poeng og alle måla vi kan få, men det er klart at ein OL-billett ville definert Nations League som noko bra, legg Smerud til.
Etter at Noreg har møtt Østerrike på Ullevaal, går turen sørover til Portugal, for ein Nations League-kamp der tysdag.
Sett denne?
picture

Landslagskeeperen om utlandet: – Vil ikke gå ut bare for å gå ut

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame