Populære sporter
All sport
Vis alt

Kan møte gamal kjenning – dette kan bli den norske motstanden i playoffen

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 15/12/2023 klokken 09:27 GMT+1

No er det klart kva lag Bodø/Glimt og Molde kan trekke som motstandarar i playoffen i Conference League.

Bodø/Glimts Amahl Pellegrino og Albert Grønbæk.

Foto: NTB

Etter tapet mot Club Brugge torsdag kveld, må Bodø/Glimt, med sin andreplass, ut i playoff-kampar for vidare avansement til utslagsrundene i Conference League. Der vil dei møte ein av gruppetrearane frå Europa League.
Glimt kan møte følgjande lag i sluttspelet:
  • Olympiakos (Hellas)
  • Ajax (Nederland)
  • Real Betis (Spania)
  • SK Sturm Graz (Austerrike)
  • Union Saint-Gilloise (Belgia)
  • Maccabi Haifa (Israel)
  • Servette Geneva (Sveits)
Dermed kan dei heilgule få eit gjensyn med Ola Solbakken, som for tida speler i den greske klubben Olympiakos. Han spelte i Bodø/Glimt frå 2020 til 2023.

Ingen møte med norsk lag

Molde drog til Tyskland torsdag med eit lite håp om å ta andreplassen i Europa League. Dei gjekk på eit 1-5-tap mot Bayer Leverkusen, og skal også ut i playoff til åttedelsfinalen i Conference League.
Sjølv om klubben frå rosenes by enda opp som nummer tre i si gruppe, blir det ikkje noko norsk oppgjer i playoffen. Lag frå same land kan ikkje møte kvarandre før ein eventuell kvartfinale.
I staden vil Molde trekke eit av dei andre laga som blei nummer to i gruppene sine i Conference League.
Det er følgjande lag:
  • Slovan Bratislava (Slovakia)
  • Gent (Belgia)
  • Dinamo Zagreb (Kroatia)
  • Legia Warszawa (Polen)
  • Ferencváros (Ungarn)
  • Eintracht Frankfurt (Tyskland)
  • Ludogorets (Bulgaria)
Romsdalingane kan potensielt møte fleire norske spelarar, blant anna Kristoffer Zachariassen i Ferencváros, som scora mot Fiorentina i Conference League-kampen torsdag.

Speler på nyåret

Trekninga er førstkomande måndag klokka 14:00.
Kampane blir spelt 15. og 22. februar.
Dei åtte gruppevinnarane i Conference League er allereie kvalifiserte til utslagsrundene. Dei resterande laga må kjempe om dei siste plassane til åttedelsfinalen, som vil bli spelt 7. og 14. mars.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame