Populære sporter
All sport
Vis alt

Molde håver inn etter Europa-avansement – tent meir enn Liverpool

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 23/02/2024 klokken 11:24 GMT+1

Molde sitt avansement i Europa er positivt både for klubben sin økonomi, men også for andre norske lag.

Fredrik Gulbrandsen, Emil Breivik og Kristoffer Haugen.

Foto: NTB

Molde har levert varene i Europa, og er no klare for åttedelsfinale i Conference League etter at dei utklassa Legia Warszawa torsdag.
Det har gitt ein solid økonomisk gevinst.
Molde toppar lista over Conference League-klubbar som har tent best i Europa-turneringane i 2023/24-sesongen, ifølge nettsida FotCalc.
Klubben skal ha tent i overkant av 13 millionar euro, tilsvarande nesten 150 millionar norske kroner. Det er nesten 17 millionar kroner meir enn neste lag på lista, Maccabi Haifa FC.
Mykje av grunnen til den høge inntekta er at Molde kom til play-offen i Champions League. Det gav klubben ein sjekk på omtrent 57 millionar norske kroner. Molde har også henta inn over 81 millionar norske kroner i Europa League. Der vart romsdalingane nummer tre i gruppa si.
Gjennom Europa-eventyret har klubben frå Rosenes by håva inn meir enn blant anna Liverpool og Alexander Sørloths Villarreal.
Molde sitt avansement i Conference League gir ikkje berre økonomisk gevinst. Det gjer også at Noreg kan få direkteplass til Champions League og ytterlegare eit femte lag til Europa.
Noreg ligg for augeblinken på 15.-plass på Det europeiske fotballforbundet (UEFA) si ranking. Om ein held denne plasseringa etter sesongslutt vil det bety fem lag inn i Europa frå 2025/26-sesongen.
Administrerande direktør i Norsk Toppfotball, Leif Øverland, meiner det bør gjere noko med stemninga i styreromma til eliteserieklubbane.
– Det vil gjere noko med dynamikken. Om ein ikkje har ein europeisk ambisjon for dei ti-tolv laga med størst budsjett, grip ein faktisk ikkje moglegheita. Det er jo faktisk mogleg, seier han til NTB.
Sett denne?
picture

Mistenker kampfiksing: – Ikke usannsynlig

(©NTB/Discovery)
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame