Populære sporter
All sport
Vis alt

Tar med seg éin spesiell ting frå Færøyene-kampen: – Det var veldig bra

Publisert 19/11/2023 klokken 10:33 GMT+1

Noreg skal inn i ein kamp mot Skottland som ikkje har noko betyding for EM-kvalifiseringa. Aron Dønnum og Ståle Solbakken meiner dei kan bruke Færøyene-kampen på fleire vis når dei no skal møte Skottland.

Aron Dønnum og Sølvi Vatnhamar under privatlandskampen mellom Noreg og Færøyene.

Foto: NTB

ULLEVAL STADION/STORO (Discovery):
Søndag skal Noreg i aksjon mot Skottland i årets siste landskamp, og det som blir Noregs siste EM-kvalikkamp. Ståle Solbakken må derimot sjå langt etter deltaking i neste års EM i Tyskland.
I den ordinære kvalifiseringa har landslaget plukka med seg ti poeng på sju kampar, og kan dermed ikkje kvalifisere seg direkte. Kampen mot Skottland blir difor «ubetydeleg» reint EM-messig. Likevel går Noreg inn i kampen på same måte som om det var ein kamp av betydning, i følge landslagssjef Ståle Solbakken.
– Vi kjem til å stille med det sterkaste laget og gjere det på den måten vi ville gjort om det var ein «vinn eller forsvinn»-kamp, sa Solbakken på ein pressekonferanse dagen etter Færøyene-kampen.
picture

Landslagssjef Ståle Solbakken.

Foto: NTB

– Må gjennomføre profesjonelt

Heller ikkje kampen mot Færøyene var av betyding, då det var ein privatkamp. Landslagsspelar Aron Dønnum meiner at laget må angripe Skottland-kampen på same måte som dei gjorde mot Færøyene.
– Vi må gjennomføre profesjonelt, slik vi gjer mot Færøyene. Sjølv om det var ein treningskamp gjer vi det så profesjonelt som mogleg, og vi vinn veldig kontrollert, seier Dønnum til Discovery.
Noreg hadde full kontroll mot den nordiske miniputten, og både Solbakken og Dønnum fortel at dei tar med seg fleire ting frå fredagens kamp inn mot neste.
– Vi gir dei ikkje noko som helst eigentleg. Det er eigentleg vanskeleg å spele mot eit lag som legger seg heilt inn i sin eigen 16-meter, og ikkje er interessert i å gjere noko anna. Så tar vi først og fremst med oss profesjonaliteten.

Fornøgd med første 35 minutt

Allereie før den første halvtimen var spelt, leia Noreg 2-0. Tre minutt inn i kampen spelte Oscar Bobb inn til rekkekamerat Jørgen Strand Larsen, som scora Noreg første, før han sjølv dundra inn 2-0 tjue minutt seinare. Solbakken var svært fornøgd med det han såg i første del av kampen. Det vil han ta med seg inn mot søndagens kamp mot EM-klare Skottland.
– Mykje av det vi gjorde i første omgang må vi sjå om vi kan overføre. Dei første 35 minuttane var veldig, veldig bra. Samanlikna med det Polen og Tsjekkia, til dømes, skapar av sjansar i kampane dei speler på heimebane, så er det ganske stor forskjell. Vi skapar sju-åtte store sjansar i første omgang, og scorar to mål, seier sjefen og held fram:
– Så blir det nokre bytter. Eg synest vi bruker litt tid på å kome i gong i andre omgang, så den er litt meir hakkete, og har ikkje så høgt balltempo. Det er ikkje slik at eg synest det var heilmørkt i andre omgang, på ingen måte.
Sjølv om Solbakken vil prøve å overføre mykje av første omgangen, vil det nok likevel bli nokre endringar, om ein skal tru landslagssjefen:
– Det er ein annan type kamp og ein annan type motstandar, så kanskje det blir ein annan startellevar.
Tidlegare har Solbakken bekrefta at Egil Selvik skal stå i mål for Noreg. Mot Færøyene var det debutant Mathias Dyngeland som fekk sjansen.
Sett denne?
picture

Kompisene etter landslagsdebuten: – En stor dag for oss bergensere

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame