Noreg med sjanserik kamp – snubla mot Tyrkia

Eurosport på Google

Noregs U21-landslag hadde fleire sjansar mot Tyrkia, men eit sterkt heimelag sat ein stoppar for det norske laget.

Sander Tangvik under kampen mellom Noreg og Irland.

Foto: NTB

Tyrkia U21 - Noreg U21 2-0 (1-0):
Tysdag var det norske U21-landslaget i aksjon mot Tyrkia i Alanya.
Sjølv om det norske laget hadde kontroll på spelet store delar av tida, var det heimelaget som kunne ta med seg tre poeng, og sin andre siger i kvalifiseringa.
– Det er skuffande at vi ikkje klarar å ha kvalitet nok i dei avgjerande situasjonane til å få med oss eitt eller tre poeng i dag, sa landslagstrenar Jan Peder Jalland til fotball.no.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Kompisene hyller Bobb: – Kommer til å bli en stor, stor spiller

Video credit: Eurosport

Store sjansar

Etter ein halvtime spelt tok Tyrkia leiinga. Cihan Canak prøvde seg på eit innlegg mot lengste stolpe, som verka å kome overraskande på Noregs sisteskanse Sander Tangvik. Innlegget gjekk inn.
Det norske laget hadde betydelege større sjansar etter kvilen. I det 54. speleminutt skaut Daniel Seland Karlsbakk frå skrått hald fem meter frå mål, men skotet gjekk høgt over. Berre minuttar seinare gjorde Christos Zafeiris det same, frå same avstand.
Fem minutt seinare lykkast Tyrkia med å setje ballen i nettmaskene. Tyrkiske Erencan Yardimci kunne doble leiinga etter at Tangvik boksa ballen midt på hovudet på den tyrkiske spissen etter eit innlegg.
Etter 2-0-scoringa tok landslagstrenar Jalland grep, og gjorde tre bytar, der blant anna Elias Melkersen kom inn. Han fekk ein kjempesjanse til å redusere for Noreg på overtid, då han kunne heade ballen i ope mål. Ballen gjekk over, og kampen enda 2-0 til Tyrkia.

På tredjeplass

Det norske laget opna kvalifiseringa med to 7-0-sigrar, etterfølgt av ein privatlandskamp mot Austerrike, der dei også vann. Italia klarte å bryte den norske sigersrekka, men Noreg slo tilbake med ein 3-2-siger over Irland fredag.
Noreg ligg foreløpig på tredjeplass på tabellen, med ni poeng før EM-kvalifiseringa held fram neste år.
– Gruppa lev, men vi må opp og vi må få meir ut av laget og av kvar speler. Vi har meir inne enn det vi har fått ut til no, seier Jalland.
Kampen mellom Italia og Irland, i same gruppe som Noreg, starta seinare på kvelden. Den enda uavgjort, etter at Irland scora sjølvmål på overtid. Dermed ligg Italia øvst på tabellen med elleve poeng, med Irland like bak.
Høyr den nyaste episoden av Indre Bane her:
Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame