Var klar frå januar – no er klubbane einige om ein tidlegare overgang
Publisert 31/08/2023 klokken 17:36 GMT+2
Mads Sande er ferdig i FK Haugesund.
- Hald deg oppdatert på sport med Eurosport-appen. Last den ned i App Store og Google Play.
Mads Sande hadde i utgangspunktet signert for Brann frå 1. januar 2024.
No bekreftar Haugesund på sine heimesider at 25-åringen er klar for bergens-klubben allereie no.
Brann skriv på sine heimesider at Sande har signert kontrakt ut 2026. Vidare skriv klubben at han kan få Brann-debuten sin allereie på søndag, når Sarpsborg 08 kjem på besøk til Brann stadion.
Klubbane blei einige om overgangen på siste dagen av overgangsvindauget.
Sande si kontrakt med FKH gjekk i utgangspunktet ut i slutten av 2023. Brann valte heller å kjøpe han fri no, i staden for å vente til han blei gratis ved sesongslutt.
Sett denne?
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Last ned
Scan her
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame