Knutsen straffast ikkje etter dommarkritikken
Publisert 06/09/2023 klokken 10:50 GMT+2
Kjetil Knutsen får ingen straff for kritikken mot dommaren etter kampen mot HamKam søndag.
Kjetil Knutsen.
Foto: NTB
Søndag gjekk Kjetil Knutsen hardt ut mot dommar Sigurd Kringstad etter kampen mot HamKam.
– Han er arrogant, og det er ikkje fair-play rett og slett. Du kan rive og gå i ryggen på folk, og det blir ikkje dømt frispark. Det er lottotrekning på kva som blir situasjon der ute. Han mister totalt standaren for korleis det er å dømme ein Eliteserie-kamp. Alle midlar er lov, og det tillèt han, sa Knutsen til Discovery.
Utsegna til dei ulike media vart sendt over til Fotballforbundets påtalenemd. Påtalenemda har bestemt at det ikkje blir oppretta sak. Det bekreftar kommunikajsonsdirektør i NFF, Gro Tvedt Anderssen, til Discovery.
– Saken er vurdert av påtalenmda. Utsegna er til dels uheldige, og ikkje ein åtferd som er ønskeleg for å fremme ein konstruktiv dialog mellom trenarar og dommarar, seier Anderssen.
Anderssen fortel vidare at utsegn ikkje gir grunnlag for sak.
– Ettersom utsegna i all hovudsak dreier seg om dommaren sine prestasjonar og ikkje dommaren sin integritet, rammast tilfellet ikkje av vedtaket i regelverket.
Discovery har forsøkt å kontakte dommarsjef Terje Hauge, utan å lykkast.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/09/05/3779109-76872108-2560-1440.jpg)
Var ønsket på «Deadline Day»: – Ikke aktuelt
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame