Siger i Georgson sin første test – LSK-spelar av med skade

Eurosport på Google

Lillestrøm og Fredrikstad spelte årets første kamp då dei møtte kvarandre til ein treningskamp laurdag.

Espen Garnås.

Foto: NTB

Lillestrøm - Fredrikstad 2-1 (0-0)
Laurdag var det duka for årets første kamp for Lillestrøm og nyopprykka Fredrikstad.
Kampen vart LSK-trenar Andreas Georgson sin første test. Han tok over jobben som trenar i klubben 8. januar. Det starta på best mogleg vis.
Lillestrøm gjekk opp i leiinga etter 62 spelte minutt, men Fredrikstad utlikna like etterpå.
Dei gulsvarte hadde meir på lager, og med eitt minutt igjen av ordinær tid scora den 17 år gamle prøvespelaren Nathaniel Ariheri.

Gjekk ut etter smell

Det vart ein mållaus førsteomgang. Lillestrøm hadde ein kjempesjanse i det 11. speleminutt då Henrik Skogvold klinte ballen rett i tverrliggaren.
Fredrikstad laga to sjansar ved slutten av omgangen, men alt vart klarert av Lillestrøm-forsvaret.
Espen Garnås måtte ut med ein smell ved slutten av førsteomgang. Han vart liggande på bakken med smerter etter blokkering av eit skot. Han vart så bytta ut, men forlèt bana for eiga maskin.
Ifølge kommentator Morten Svesengen fekk forsvarsspelaren ein liten skade i skuldra.
– Eg snakka med Garnås i pausen. Hadde det vore ein eliteserie-kamp hadde han spelt vidare sa han, men det fekk han ikkje lov til.

Sjølvmål

Fredrikstad skapte omgangens første sjanse, men heller ikkje der skulle det lykkast for det nyopprykka eliteserielaget.
Det gjorde det derimot for Lillestrøm. El Schaddai Furaha vann ballen i Fredrikstad sin 16-meter, og sat kontrollert inn 1-0-målet.
Dei raud-kvite byta så ut omtrent heile laget, og det gav resultat. Berre tre minutt etter Lillestrøm si scoring utlikna Fredrikstad, etter eit sjølvmål frå Ruben Gabrielsen.
Ved slutten av kampen sat Ariheri den avgjerande scoringa.
Sett denne?
picture

Kåra til verdas beste fotballspelar – oppdaterte på skadesituasjonen

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame