Eksperten kritisk til Glimt: – Ikkje veldig sjarmerande

Eurosport på Google

Det har vore mykje snakk om Nordås-situasjonen mellom Bodø/Glimt og Tromsø dei siste dagane. Discovery-ekspert meiner Glimt ikkje står fram som sjarmerande.

Bodø/Glimt-spillere under kampen mot Bohemians 1905.

Foto: NTB

– Eg må seie at eg blir veldig overraska om Glimt bruker Lasse Nordås mot Tromsø på søndag. Eg noterer meg at han ikkje var blant dei fem innbytarane mot Bohemians.
Det seier Discovery-ekspert Asbjørn Myhre.
Nordås blei klar for Tromsø tidlegare i sommar etter ein bytehandel med Bodø/Glimt. Då gjekk TIL-talentet Daniel Bassi andre vegen.
Førre veke reiste Nordås til Tromsø for å slutte seg til laget, som han blir speleklar for frå 1. august, men Glimt kalla spissen tilbake. På eit pressetreff meldte Glimt-trenar Kjetil Knutsen at Nordås kjem til å spele søndagens kamp mot nettopp Tromsø.
– Den som har hamna i ein kjip og vanskeleg situasjon her er jo Lasse Nordås. Han er heilt sikkert profesjonell og handterer dette fint.
Fått med deg denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Hegerberg om EM-ydmykelsen: – Det gikk på stoltheten løs

Video credit: Eurosport

– Ikkje veldig sjarmerande

Myhre trur derimot at Glimt-leiinga bør tenke over deira handtering av Nordås-situasjonen.
– Bodø/Glimt gjer berre det avtalen opnar for, men det er forskjell på å ha rett og å gjere rett.
I løpet av 2020-sesongen sperra mange auga opp for dei gulkledde. Eksperten meiner at Glimt fekk venner over heile Noreg i løpet av sesongen, men at dei etter det har gjort fleire val som, frå eit omdømmeperspektiv, kan bli sett på som feil.
– Det handlar om alt frå treningsleir i utlandet under korona, til cupkampen mot Aafk, Roma-saken, piggtråd framfor bortefans og ueinigheiter med eigne supporterar.
– Av og til står dei fram som Bør Børson på steroidar, og det er jo ikkje veldig sjarmerande, legg Myhre til.

Rivalisering

Søndag møter dei to nordnorske laga kvarandre i Bodø. Før kampen ligg Glimt øvst på tabellen, medan Tromsø ligg på tredjeplass.
– Det er fantastisk moro at Nord-Noreg har to kanongode fotballag.
I forkant av kampen har det vore full krangel mellom rivalane. Dei to klubbane har gått ut i media og rast mot kvarandre etter Nordås-situasjonen.
– Den rivaliseringa mellom Bodø og Tromsø bør ein jo berre dyrke for alt det er verdt. At det blir fyrt frå begge leirar er heilt nydeleg, seier Myhre.
Sett denne?
picture

Skandalescener i svensk storkamp – kampen stoppet

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame