Populære sporter
All sport
Vis alt

Blir utestengt frå fleire kampar etter blusskasting

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 29/11/2023 klokken 13:36 GMT+1

Personen som kasta bluss på tribuna under Eliteserie-kampen mellom Brann og Bodø/Glimt søndag blir utestengt frå fleire kampar.

Brann-supporterne med bluss under cupfinalen i fotball for menn 2022 mellom Brann og Lillestrøm. Foto: Lise Åserud / NTB

Foto: NTB

Personen som kasta bluss som trefte andre publikum under kampen mellom Bodø/Glimt i helga blir utestengt i 35 kampar.
Det bekreftar Brann i ei pressemelding.
– Vedkommande blei raskt peika ut av supporterane på tribuna, han blei tatt hand om av politiet og ført bort frå Stadion. Personen har blitt meldt til politiet. Brann sanksjonerer med utestenging i 35 kampar, seier dagleg leiar i Brann Christian Kalvenes i pressemeldinga.
Blant anna vart to vaksne og tre barn treft, men det oppstod ikkje personskade.
I tillegg vil kostnad for kleder som blei skada eller øydelagt frå barna bli vidareført til vedkommande.
Klubben har vore i kontakt med personen som kasta bluss. Vedkommande har lagt seg flat etter hendinga, og godtar straffa.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame