Bekrefta: Returnerer til Glimt – har akseptert bud på Pellegrino
Publisert 31/01/2024 klokken 19:00 GMT+1
24-åringen vart presentert som Glimt-spelar på ein pressekonferanse onsdag kveld.
Jens Petter Hauge.
Foto: NTB
Jens Petter Hauge er tilbake i Bodø/Glimt, denne gongen på eit lån frå tyske Eintracht Frankfurt.
Det bekreftar klubben på sine heimesider.
Lånet strekker seg ut 2024, men Glimt har sikra seg opsjon på kjøp i avtalen.
– Eg ser veldig fram til året som kjem. Det at eg er tilbake for ein litt lengre periode ser eg fram til, seier Hauge på pressekonferanse med klubben.
Ifølge han sjølv er motivasjonen på topps når han no returnerer til Aspmyra.
– Eg trur alle som har følgd meg skjønner at eg er revansjelysten. Eg har mista litt av det som kjenneteiknar meg som speler. Eg håper å bruke denne tida på å finne tilbake til det.
Akseptert bod på stjernespiss
Samtidig bekreftar sportssjef Håvard Sakariassen at Glimt har bekrefta eit bod på Amahl Pellegrino.
– Han er ikkje seld, men vi har akseptert eit bod for ein time sidan. Så er det ein prosess som må gå på baksida av det, sa Sakariassen.
Pellegrino har vore linka til MLS-klubben San Jose Earthquakes.
Herja i Glimt
Hauge blei seld frå Glimt til AC Milan i 2020. Sidan 2022 har han spelt for Eintracht Frankfurt.
24-åringen herja i den gule drakta sist gong har var i klubben. Han signerte 14 mål på 18 kampar før han reiste vidare til Italia.
Kantspelaren er på plass dryge to veker før Glimt skal i gong i utslangsrundene til Conference League.
Dei speler det første av to oppgjer mot Ajax torsdag 15. februar.
Relatert
Reklame
Reklame