Glimt-stjerna trur gamleklubben kan sjokkere VIF

Faris Moumbagna trur Kristiansund BK framleis har ein sjanse på Eliteserie-kontrakt i 2024-sesongen.

Faris Moumbagna.

Foto: NTB

ULLEVAAL STADION (Discovery):
Faris Pemi Moumbagna har runda sitt første år som Glimt-spelar. Han kom frå Kristiansund BK til klubben frå Bodø i januar, etter eit låneopphald i danske Sønderjyske.
Sjølv måtte angrepsspelaren gi tapt cupgullet laurdag kveld, men Moumbagna har trua på at gamleklubben KBK skal levere varene i den siste kvalikkampen mot Vålerenga.
– Eg har alltid trua. Det blir vanskeleg, spesielt med utgangspunktet dei har, men KBK er ein gjeng som aldri gir opp. Dei kjem til å ofre alt heilt til det ikkje er mogleg lengre, seier Moumbagna til Discovery.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Dediserer seieren til skadet lagkamerat: – Vært en av våre beste spillere

Video credit: Eurosport

– Har god sjanse

Moumbagna spelte i KBK frå 2020 til 2022. Då var klubben i Eliteserien, men rykka ned i 2022-sesongen etter at dei enda på 23 poeng ved sesongslutt.
Denne sesongen har klubben frå Nordmøre moglegheita til ein retur. Onsdag spelte dei mot Vålerenga på heimebane, og gjekk på eit 0-2-tap.
– Den første kampen var jo ikkje så bra. Dei klarte ikkje heilt å få fasong på angrepsspelet. Det blei litt kaotisk. Det verka ikkje som dei hadde trua på seg sjølv i stor nok grad, vurderer den tidlegare KBK-spelaren.
Men Glimt-spelaren har ikkje gitt opp håpet om å få eit gjensyn med gamleklubben på motsett banehalvdel i Eliteserien. Søndag skal dei spele returkampen på Intility.
– Om dei klarer å få spelt sitt eige spel i større grad på Intility, så har dei ein god sjanse. Dei må kome ut med sjølvtillit, tru på seg sjølv og spele på sin måte.

Følger med

I starten av desember vart det bekrefta at Amund Skiri blir hovudtrenar i klubben. Han kom til Kristiansund i slutten av august, og hadde i første omgang ein kontrakt som varte ut 2023. No har han signert ein treårskontrakt.
Moumbagna liker måten laget spelet på etter at Skiri tok over som trenar.
– Dei har eit bra grunnspel og fine bevegelsar offensivt. Dei har til dømes veldig gode backar som kan slå gode innlegg, så dei må prøve å setje dei opp oftare. Så handlar det om å fylle på med nok spelarar i boks.
Angrepsspelaren innrømmer at han følger godt med på gamleklubben.
– KBK vil alltid ha ein spesiell plass for meg.
Fått med deg denne?
picture

Frustrert Knutsen: - På tide at de gjør noe

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame