Populære sporter
All sport
Vis alt

Fekk skyldfølelse etter Sagosen-utvising: – Hadde klandra meg sjølv

Publisert 17/03/2024 klokken 17:26 GMT+1

Alexander Blonz hadde klandra seg sjølv om Noreg hadde tapt mot Ungarn.

Sikra OL-plass: – Spør Jonas kva vi får lov til

  • Sjå Noreg-Tunisia på discovery+ og TVNorge søndag frå 18:00. Kampstart 18.30.
TATABANYA/OSLO (Discovery):
Under kampen mot Ungarn fekk Sander Sagosen fleire to-minuttarar. Den tredje kom etter ein duell i andreomgang, som gjorde at han blei vist det raude kortet av dommaren.
Dermed måtte det norske landslaget klare seg utan Noregs store stjerne. Då valde Alexander Blonz å ta ansvar.
– Eg følte at eg måtte ta ansvar for å vinne kampen, for eg hadde veldig mykje skyld i Sander sitt raude kort. Hadde vi tapt fordi eg sendte han på tribuna, hadde eg klandra meg sjølv for det, seier Blonz til Discovery.
Sagosen sin første to-minuttar var nemleg på grunn av eit feilbyte der Blonz var involvert.
Gjekk du frå syndebukk til helt?
– Eg veit ikkje om det hadde vore heilt syndebukk, men eg hadde ikkje sete med ei veldig god kjensle etter kampen om vi hadde tapt.
Sjå situasjonen i videoen under.
picture

Sagosen reagerer etter rødt kort: – Han skjønner ingenting

Fekk skryt

Sagosen verka ikkje å skulde på lagkameraten, men gav både han, Tobias Grøndahl og Simen Lyse ros etter kampslutt.
– Det er fantastisk. Dei er her for å ta ansvar og melde seg på. Tobias gjer ein stor kamp, Blonz det same, Simen kjem til gode moglegheiter ... Vi har veldig mange gode handballspelarar i laget her som vi skal halde fram med å bruke mot OL.
Discoverys handballekspert Ole Gustav Gjekstad var også imponert av trioen.
– Det er spesielt imponerande av dei unge gutane, som Blonz, Grøndahl og Lyse, at dei leverer på dette nivået, seier han.

Møter Tunisia

Søndag møter Noreg Tunisia i OL-kvalifiseringa. Kampen har ingen betyding for Noreg, då dei allereie er kvalifisert til OL.
– Det var ekstremt deilig å få det gjort. Hadde vi spelt ein dårleg kamp i dag og tapt med litt for mykje. Det er deilig å avgjere sjølv med to kampar, og eigentleg har fri i morgon.
Sjølv om kampen ikkje har betyding, har det norske laget framleis førebudd seg på motstanden som ventar.
– Vi kjenner dei ikkje så godt, men det er ein del spelarar som speler i Frankrike og Tyskland som vi kjenner til. Vi kjem til å sjå videoar av kampar dei har spelt, samt klipp frå spelarane i klubb, og vere veldig godt førebudd. Det er eit veldig godt verktøy å sjå video når ein møter spelarar ein ikkje kjenner så godt frå før, seier O'Sullivan til Discovery.
Fått med deg denne?
picture

Sagosen roser lagkameratene: – Det er derfor de er her

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame