Populære sporter
All sport
Vis alt

Dramatisk natt for sykkellag: – Vi sprang etter dei

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 17/03/2024 klokken 10:21 GMT+1

Bahrain-Victorious fekk ei dramatisk opplading til sykkelrittet Milano-Sanremo.

Stakk av med karrierens første monument: – Endelig satt den!

Bahrain-Victorious-ryttar Matej Mohoric sikra laurdag ein sjetteplass i årets første monument: Milano-Sanremo. Det skjedde etter ein svært dramatisk natt for laget.
Ifølge den italienske sykkelnettstaden Tuttobici forsøkte ti ungdommar å stele laget sine syklar på natta.
– Vi var i hotellobbyen då vi høyrde nokon rope «syklane!». Det var sjåføren vår som hadde sett nokon forsøke å stele syklane. Vi gjekk utanfor, og der var det omtrent ti unge personar. Eg blei nesten påkøyrd av ein bil, men eg klarte å kome meg unna, forklarte den tidlegare ryttaren Sonny Colbrelli, som no jobbar for World Tour-laget, til Tuttobici.
Nokre av dei tilsette på laget sprang etter ungdommane inn i skogen.
– Der stakk dei av i ein bil. Resultatet blei 1-0 til oss over tjuvane, sa Colbrelli til den italienske nettstaden.
Til trass for dramatikken kunne heile laget stille til start laurdag.
Norske Torstein Træen syklar for Bahrain-Victorious. Han var ikkje ein del av laget som stilte til start i Milano.
Alpecin - Deceuninck-ryttar Jasper Philipsen kunne juble til slutt etter ein intens sluttspurt.
Sjå video av spurten øvst i saka.
Sigeren var belgiaren sin aller første monument-triumf i karrieren.
Sett denne?
picture

Grøsser av skummel velt: – Kunne gått ordentlig ille

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame