Populære sporter
All sport
Vis alt

Ruud med ny siger på heimebane etter intens duell – klar for semifinale

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 10/02/2024 klokken 16:02 GMT+1

Casper Ruud har tatt to av to sigrar i Ultimate Tennis Showdown (UTS).

Forklarar kallenamnet: – Det skjedde så kjapt

  • Følg Casper Ruud i alle Grand Slam-turneringane på discovery+ og Eurosport sine kanalar gjennom året!
Casper Ruud - Alexander Bublik 3-2
Casper Ruud vann mot kasakhstanaren Alexander Bublik laurdag ettermiddag. Dermed har han også sikra seg ein plass i semifinalen.
– Det er veldig gøy det. Det var eit lite håp om å vere her til søndag. Eg gler meg, sa Ruud til TV 2 etter kampslutt.
Nordmannen var overlegen på heimebane i starten, og vann dei to første setta 18-12 og 19-8.
I tredje sett kom Bublik inn i kampen igjen, og dermed stod det 2-1 på resultattavla. Bublik følgde opp og tok neste sett også, og dermed måtte dei ut i «sudden death».
Seinare laurdag skal Ruud i aksjon mot Dominic Thiem. Austerrikaren ser fram mot å få spele mot heimefavoritten.
– Eg tipper at det kjem til å vere ei fantastisk atmosfære. Eg gler meg, seier Thiem til Discovery.
Reglane i UTS skil seg frå ATP-tpuren. Det er blant anna den første til å vinne tre «quarters», eller sett, som vinn kampen. Eit sett varar i åtte minutt, og vinnaren er den som tar flest mogleg poeng.
Fått med deg denne?
picture

Skryt av norsk publikum: – Ein rekord

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame