Populære sporter
All sport
Vis alt

Spøkte om Djokovic si framtid: – Kva år er det?

Oppdatert 11/09/2023 klokken 21:52 GMT+2

Novak Djokovic har ikkje planar om å leggje opp i næraste framtid. Etter US Open hinta både han og trenaren hans om at ein kan få sjå serbaren spele i lang tid framover.

Novak Djokovic.

Foto: Getty Images

• Følg Casper Ruud og resten av tenniseliten på discovery+ og Eurosport.no.
Søndag vart Novak Djokovic den eldste tennisspelaren som nokon gong har vunne US Open. Etter finalen vart alderen hans og karriereframtida eit samtaleemne.
36-åringen vart proff i 2003, og har sidan den gong vunne 24 Grand Slam-titlar og 39 ATP 1000-titlar.

Kjem til å halde fram

Sjølv om Djokovic har vore i tennissporten i over 20 år, har han ikkje nokre planar om å gi seg med det første.
– Eg kjem til å halde fram. Du veit, eg føler meg bra i kroppen min. Eg føler at eg framleis får støtte frå miljøet mitt, laget mitt og familien min, sa han til arrangøren etter kampen.
Nokre utøvarar vel å gi seg på topp, men det vil ikkje verdseinaren gjere.
– Å vite at eg framleis speler på eit så høgt nivå, og vinn dei største turneringane i sporten: Eg vil ikkje forlate denne sporten om eg framleis er på topp, om eg framleis speler slik eg speler.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Drama i storkamp: – På grensen til uforsvarlig

OL 2028

Etter kampen fekk trenaren hans, Goran Ivanisevic, spørsmål om 36-åringen hadde planar om å leggje opp.
– Det trur eg ikkje. Nei, han planlegg å delta i OL i Los Angeles. Når er det? 2028?, sa trenaren på pressekonferansen og lo.
I 2028 vil Djokovic vere 41 år gamal. Ifølge trenaren nyter Djokovic å vere tennisspelar, og liker utfordringane.
– Om han vinn 25 (Grand Slams), så kjem han til å tenke: «Kvifor ikkje 26?». Det er alltid éin til, noko meir.
Discoverys tenniskommentator Ola Bentzen trur det er mogleg at serbaren held på til han er 40 år gamal.
– Tidlegare i karrieren synest eg han hadde ein tendens til å ikkje vere like svolten på slutten av sesongen, fordi han blei litt mett mentalt. No er det ikkje slik. Eg trur han kan halde på til tett opp under 40 år, slik Roger Federer gjorde. Eg ser ikkje noko grunn til at han ikkje kan gjere det same.
Bentzen trur det er eit mål for Djokovic å vinne 25 Grand Slam-titlar. Då vil han også slå rekorden til Margaret Court, som har 24 singles-titlar.
– Då går han forbi alle. Når du først har heldt på så lenge, så trur eg han også har lyst til å ta den siste rekorden der. Det kan han fort gjere i løpet av neste år. Greier han det, trur eg fort at han kan seie at nok er nok, men fysisk sett trur eg han kan halde på til han er 40 år.

Blir hylla av ekspertar

Etter US Open har Djokovic tatt over førsteplassen på verdsrankinga frå Carlos Alcaraz. Det imponerar Discoverys tennisekspert, Mats Wilander.
– Å vinne Grand Slams er éin ting, men å bli verdseinar igjen, blant ein gruppe ungdommar, gutar som Daniil Medvedev – det er fantastisk. Det betyr at du konsekvent vinn på alle dei forskjellige underlaga og mot forskjellige motstandarar, seier han og legg til:
– Det er ingen grunn til at han ikkje kan bli Grand Slam-vinnar igjen tre eller fire gongar neste år, fordi han har så sterk mentalitet, og han kan gjere alt.
Wilander får støtte frå Alex Corretja:
– I år har han vist at han har vore best. Han har vist kvifor han har 24 Grand Slam-titlar, og det er noko som er heilt utruleg. Det er vanskeleg å forklare kva han har oppnådd, fordi vi ville aldri tenkt på det eingong.
Fått med deg denne?
picture

Reagerer: – Jeg skjønner ikke vitsen med det

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame