Populære sporter
All sport
Vis alt

Tennisstjerne gjer comeback: – Mange kjem til å vere kritiske

Publisert 29/12/2023 klokken 13:13 GMT+1

Rafael Nadal har bekrefta at han gjer comeback. Casper Ruud trur han kan bli ein skummel konkurrent det komande året, sjølv med eit år utanfor tennisbana.

Hyllar stjerna sin rekord: – Heilt vilt

Første desember bekrefta Rafael Nadal at han gjer comeback. Tennisstjerna blei skada under Australian Open i januar, og har vore ute av spel sidan den gong.
Casper Ruud er spent på å sjå spanjolen i aksjon igjen.
– Det blir gøy å sjå korleis han speler. Eg har sett litt videoar av han, og tennisen ser bra ut, seier Ruud til Discovery.
25-åringen har følgt Nadal tett oppgjennom sin karriere. Ikkje berre var spanjolen barndomsidolet til Ruud, men Ruud har også vore ein del av Nadal sitt akademi, og duoen har reist rundt i Sør-Amerika i lag på ein oppvisningsturné.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Stiller seg bak IOC si avgjerd: – Det blir «fair»

Forsøkte å gjere comeback

Nadal skal først spele ei turnering i Brisbane i starten av januar, før han skal vidare til Melbourne for å spele Grand Slam-turneringa Australian Open. Ruud trur det beviser at tennisspelaren føler at han er i god nok form.
– Han stiller jo i Australia fordi han føler sjølv at det er det beste. Det er nok mange som kjem til å vere kritiske og skeptiske til korleis forma hans er, men hadde han ikkje følt at han var i god nok form, så hadde han nok ikkje reist heilt til Australia.
37-åringen forsøkte å gjere comeback til grussesongen, men måtte gje opp. 2023-sesongen gjekk utan spanjolen i aksjon.
– Eg er sikker på at han har lagt ned mykje godt arbeid, gler seg til å spele kampar igjen og vil gjere eit forsøk.
– Han kjem nok til å vere ein å sjå litt ekstra etter i Australian Open, sjølv om han openbart begynner å bli eldre. Han er nok revansjelysten etter det som skjedde førre sesong, legg Ruud til.

– Ekstrem rekord

I ein Instagram-video hintar Nadal til at dette året moglegvis blir hans siste år som profesjonell tennisspelar.
– Det er stor sannsynlegheit at dette blir mitt siste år. Det er stor sannsynlegheit for at det berre blir eit halvt år, og moglegheiter for at det blir eit heilt, seier Nadal i videoen.
Før det vil han ha ei verdig avslutning på karrieren. Tennisspelaren har vore open om at han ikkje vil at pressekonferansen etter Australian Open då han trakk seg med skade, skal vere punktum på den lange karrieren.
– Det kjem til å bli utruleg trist når han legg opp. Eg synest, som han seier sjølv, at han fortener ei fin avslutning på karrieren sin. Alt han har gjort og alt han har oppnådd er heilt surrealistisk å tenke på, seier Ruud.
Nadal står blant anna med 22 Grand Slam-titlar, der heile 14 av titlane er frå French Open.
– Det er ein av dei mest ekstreme rekordane innanfor nokon sport, synest eg. Eg er litt lite objektiv sidan eg speler tennis, men 14 gongar i same Grand Slam er heilt vilt.
Spanjolen er kjent for å vere ein spesialist på grusen. Ruud er difor ikkje framand for at ein kan vente seg ein Nadal i storform når Grand Slam-turneringa på Roland Garros går av stabelen i mai.
– Ikkje for å vere respektlaus ovanfor andre spelarar, men eg trur at om Rafa er i fysisk god form, så er det nok han folk ser på som favoritten, uansett kor mange kampar han har spelt. Han veit kva han gjer, så om han er i fysisk god form der, så blir det veldig spennande å sjå korleis han speler.
Sett denne?
picture

Knuser racketen og kommer med tirade: – Se på meg!

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame