Populære sporter
All sport
Vis alt

Ruud vidare til semifinale

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 19/04/2024 klokken 17:21 GMT+2

Casper Ruud vann over Matteo Arnaldi i kvartfinalen i Barcelona Open.

Casper Ruud.

Foto: Getty Images

  • Følg Casper Ruud og resten av tenniseliten i alle Grand Slam-turneringane ut året på discovery+
Casper Ruud er vidare til semifinalen i Barcelona Open etter å ha vunne i strake sett mot italienske Matteo Arnaldi.
– Dette var ikkje lett. Det var mange brot i starten, og slett ingen enkel kamp. Eg spelte for ein plass i semifinalen, og det har eg ikkje klart i Barcelona tidlegare, sa Ruud i sigersintervjuet.
Nordmannen starta kampen på best mogleg vis og braut Arnaldi ved første anledning. Ruud vart derimot brote tilbake med ein gong, og reduserte til 1-2.
Snarøya-guten braut på nytt, men igjen klarte italienaren å redusere. Då det stod 5-4 til nordmannen braut han nok ein gong og sikra det første settet.
Andre sett starta derimot mykje jamnare. Sjølv om begge to hadde ein break-moglegheit tidleg i settet, var det ikkje før det stod 3-2 til Ruud at han klarte å bryte. I siste game redda Ruud fire breakballar mot seg, og vann med det både settet og kampen.
I semifinalen ventar argentinske Tomas Etcheverry.
– Det har vore eit fantastisk år så langt, og eg håpar på endå eit par sigrar til her i Barcelona før det er over, sa Ruud etter kampen.
Sett denne?
picture

Blir tatt på senga av reportar: – Unnskyld!


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame