Populære sporter
All sport
Vis alt

Stopp for Ruud i Madrid

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 30/04/2024 klokken 21:15 GMT+2

Casper Ruud kom seg til åttedelsfinalen i Masters 1000-turneringa, men der sa det stopp.

Casper Ruud.

Foto: Getty Images

Felix Auger-Aliassime - Casper Ruud 2-0 (6-4, 7-5)
Tysdag kveld møtte Casper Ruud kanadiske Felix Auger-Aliassime i åttedelsfinalen av Madrid Open.
Nordmannen vart slått i strake sett, og er dermed ute av turneringa.
– Det er ein stor siger for meg. Casper har hatt litt taket på meg i dei siste oppgjera vi har spelt mot kvarandre. Han har vore ein fantastisk spelar i mange år og tala hans viser kor jamt god han har vore, sa Auger-Aliassime i sigersintervjuet.
Ruud hadde ei sigersrekke på sju sigrar før tapet tysdag.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Slik feira han tittelen: – Blei ganske seint

– Farleg spelar

Med ein gong 25-åringen frå Snarøya fekk vite kven han skulle møte tysdag, var han tydeleg i talen:
– Han er ein farleg spelar. Eg må vere klar for raske slag frå han, sa Ruud til arrangøren etter sigeren mot Cameron Norrie måndag.
Det fekk han verkeleg kjenne på.
Ruud fekk press på seg allereie i opningsgamet der Auger-Aliassime fekk ein tidleg breakball. Ruud redda den, og tok gamet like etterpå.
Tennisspelarane heldt så sine eigne servegame, før kanadiaren fekk kampens første brot då han gjekk opp til 4-3.
Ruud klarte ikkje å bryte tilbake, og Auger-Aliassime tok første sett.

Braut ved første moglegheit

Kanadiaren, rangert som nummer 35 i verda, gjekk inn i neste sett med mykje sjølvtillit. Han braut Ruud ved første anledning.
Ruud hadde to breakmoglegheitar i neste game, men klarte ikkje å ta vare på dei. Dermed gjekk Auger-Aliassime opp til 2-0.
Nordmannen braut tilbake til 2-2, og deretter var det jamt. På stillinga 5-5 klarte Auger-Aliassime å bryte nok ein gong. Dermed var Ruud avhengig av å bryte tilbake for å halde liv i kampen.
Det klarte han ikkje, og dermed sa det stopp.
I kvartfinalen møter Auger-Aliassime verdstoar Jannik Sinner.

Mål om Masters 1000-siger

Ruud fortalde i førekant av turneringa at han allereie har sett ut sitt neste mål.
– Etter å ha fått følelsen av å vinne i Barcelona, er det viktig for meg å prøve å tenke meir på den følelsen. Det neste målet er å vinne ei 1000-turnering, seier Ruud til Discovery.
Sjølv om det ikkje gjekk nordmannen sin veg i Madrid, får han snart ein ny sjanse. Allereie 8. mai startar neste Masters 1000-turnering i Roma.
Sett denne?
picture

Vann gjæv pris: – Surrealistisk


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame