Skjebneveke for Ruud – bør bli «Big in Japan»

Casper Ruud må denne veka prøve å ta ein Alphaville og bli «Big in Japan» for å kome til ATP-sluttspelet i Torino.

Intens kamp om sluttspelet: – Blir eit rotterace

Video credit: Eurosport

Tysdag møter Casper Ruud Yosuke Watanuki i den første runda av ATP500-turneringa Japan Open. Japanaren er rangert som nummer 73 i verda, men Ruud er klar på at det kan bli ein tøff kamp.
– Han speler ein aggressiv og kul tennis, så eg må vere klar. Eg har gjort alt for å førebu meg, og gler meg til turneringa startar, seier Ruud.
Ruud og Watanuki har møtt kvarandre to gonger tidlegare, men som juniorar.
– Han har tatt store steg dei siste åra. Eg er verkeleg imponert. Det er fint å sjå at han gjer det bra, seier nordmannen om den komande motstandaren.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Tennisstjerne med voldsom skyllebøtte mot fotograf: – Hvorfor?!

Video credit: Eurosport

Begeistra for Japan

I fjor deltok også 24-åringen frå Snarøya i den japanske turneringa. Den gongen rauk han i første runde, i strake sett mot spanske Jaume Munar.
– Det var ikkje noko suksess her for meg i fjor, så eg må prøve å gjere det betre i år. Det er openbart målet.
Sjølv om det vart ein tidleg exit året før, har Ruud likevel blitt svært glad i Japan.
– Det har begynt å bli eit av mine favorittstoppestadar gjennom året og sesongen. Eg synest det er verkeleg flott her, og prøver å utforske så mykje eg kan, men sjølvsagt er ein her for tennis og for å prøve å gjere det bra.
Det er fleire ting ved det asiatiske landet som gjer at nordmannen har blitt begeistra for det.
– Folk er hyggelege, maten er god, og kulturen er kul. Det er eit land eg faktisk kunne sett for meg å bu i. Eg trur ikkje det kjem til å skje i framtida, for det er ganske langt unna Europa, men eg føler meg komfortabel her, seier han.
Ein annan grunn til at Ruud er glad i Japan, er på grunn av tennisen. I det siste har fleire utøvarar klaga over at ballane brukt i ulike turneringar er tunge å slå med etter kort tid, og at dei blir treige. Slik er det ikkje i Tokyo, ifølge den norske tennisprofilen.
– Banane her er kjemperaske, som er veldig annleis enn det spelarar desse dagar klagar om. Dei som liker rask tennis bør kome til Tokyo.

Intens kamp

Ruud kjempar ein intens kamp for å kome til ATP-sluttspelet i Torino. Nordmannen ligg på 10. plass, og det er dei åtte beste rangerte spelarane som får ein billett til sluttspelet. Difor er 24-åringen avhengig av å hente poeng i dei komande turneringane.
– Det er ikkje umogleg, men det er nokre plassar som må bli kapra. Eg må gjere det bra dei neste vekene. Det er mange andre gode som tenker på same måte som meg, så det blir eit rotterace på slutten her no.
Nordmannen har vore i sluttspelet to gongar tidlegare.
– Det er motiverande å gjere det igjen. Eg veit kva som er på spel, og eg håper eg kan fullføre sterkt i år.
Fått med deg denne?
picture

Reddar settball etter enorm ballveksling

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame