Populære sporter
All sport
Vis alt

Gjer VAR-grep i storturnering

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 28/07/2023 klokken 10:27 GMT+2

US Open innfører videodømming før turneringa i år.

Casper Ruud og Carlos Alacaraz under finalen i US Open i 2022.

Foto: Getty Images

  • Følg Casper Ruud mot franske Arthur Fils i Hamburg fredag fra cirka kl. 18:00 på Eurosport Norge, discovery+ og Eurosport.no.
Tennisturneringa US Open har annonsert at dei vil bruke videodømming i turneringa i år.
Det melder tennismagasinet Tennishead, og nettstaden TennisUpToDate.

Skal hjelpe dommarane

Innføringa av videodømming blir gjort som eit forsøk på å hjelpe dommarane når det er tvistar under kampen.
Dette inkluderer blant anna å sjekke om ballen sprett meir enn éin gong (to gongar i reullestoltennis) før kontakt, om ballen har rørt spelaren andre stadar enn racketen, eller om ballen har gått gjennom nettet i staden for over det.
Teknologien vil også bli brukt i ei kvar avgjerd om eit poeng skal bli spelt om igjen eller ikkje.
Det amerikanske tennisforbundet (USTA) har bekrefta at teknologien vil bli brukt i alle Main Draw-kampane, som blir spelt på Arthur Ashe Stadium, Louis Armstrong Stadium, Grandstand, bane 5 og bane 17.
Videoteknologi har tidlegare blitt brukt på andre tennisarrangement, inkludert Next Gen Finals og i ATP Cupen, men har enno ikkje blitt ei bærebjelke i sporten.

Introduserte linjedømming

Dette er ikkje første gong US Open har vore leiande når det gjeld teknologibruk i tennis. Turneringa var den første Grand Slam-en som introduserte Hawkeye-linjedømming i 2020.
ATP har tidlegare i år kunngjort at alle deira arrangement kjem til å bruke linjedømmingsteknologien frå 2025 og utover.
I fotballverda har det storma kraftig rundt videodømming denne sesongen. Dette har ført til at Noregs Fotballforbund (NFF) har tatt konkrete grep for å redusere tidsbruken.
Sett denne?
picture

Her sikrer Alcaraz Wimbledon-seieren

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame