Danskane reagerer: – Vanvitig
Publisert 26/09/2023 klokken 15:29 GMT+2
Danske ekspertar vart svært sjokkerte då dei fekk høyre hindra Holger Rune må gjennom i China Open.
Her klikker Holger Rune på dommeren
Video credit: Eurosport
– Det er som å sjekke årsoppgåva for å finne ut at du må betale pengar tilbake.
Det skriv danske TV 2 etter at trekninga til årets China Open vart klar.
Det er nemleg ikkje berre Casper Ruud som har fått ei tøff trekning i ATP 500-turneringa. Danske Holger Rune må også gjennom svært tøffe hinder på veg mot ein eventuell finale.
– Det er jo ei vanvitig hard trekning. Med den trekninga skal Rune vere glad for kvar kamp han vinn, seier tennisekspert Peter Bastiansen til den danske kanalen.
– Ekstrem trekning
Den danske tennisstjerna er rangert som nummer fire i verda, men det fekk han ikkje stor utteljing for då det vart bestemt kven han skulle møte i første runde av China Open.
20-åringen møter nemleg canadiske Felix Auger-Aliassime, som er rangert som nummer 14, i første runde. Dei to har møtt kvarandre to gongar før i 2022, og står med ein siger kvar i dei to oppgjera.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/09/14/3784340-76976728-2560-1440.png)
Leter etter svar: – Skulle ønske jeg hadde noe konkret
Video credit: Eurosport
Auger-Aliassime har tidlegare vore rangert som nummer seks i verda, men har den siste tida hatt ein formdupp, som har gjort at han har sklidd ned på verdsrankinga.
Om Rune kjem sigrande ut av oppgjeret, ventar potensielt Grigor Dimitrov (20), Jannik Sinner (7) og Carlos Alcaraz (1). Dansken kan også møte Casper Ruud, om Ruud slår verdseinar Alcaraz i kvartfinalen.
– Når du er seeda som nummer tre i turneringa, og får dei motstandarane, så er det ei ekstrem trekning. Om Auger-Aliassime når toppnivået sitt, er han ein sinnsjukt talentfull spelar, seier Bastiansen.
Slitt med ryggen
Verdsfiraren har den siste tida slitt med ryggen, som har gjort at prestasjonane på tennisbana ikkje har vore slik ein har sett av han tidlegare.
Under dei tre siste turneringane, rauk dansken ut i første runde. Han har også trekt seg frå fleire turneringar, seinast frå Laver Cup.
Ifølge mora og manageren hans, Aneke Rune, skal smertene ha dempa seg, og sonen skal vere klar for å spele turneringa i Beijing.
Hør vekas episode av Indre Bane her:
Reklame
Reklame