Populære sporter
All sport
Vis alt

Trekninga er klar – Ruud møter marerittmotstander i første kamp

Oppdatert 26/09/2023 klokken 10:50 GMT+2

Casper Ruud skal i aksjon i fleire turneringar i Asia dei komande vekane. Den første turneringa er ei ATP 500-turnering i Bejing, og der ventar tøff motstand.

Ruud etter stjernemøte: – Som et barn i en lekebutikk

Torsdag startar China Open, der Casper Ruud skal delta. Vegen til finalen er tøff for det norske tennissesset.
– Det er ei god turnering. Du ser at det er veldig, veldig mange gode spelarar med, så uansett kvar han hadde stått i tablået, hadde det blitt tøft, seier Discoverys tennisekspert Svein-Espen Lindås Olsen.

– Har ei moglegheit

Ruud møter tyske Jan-Lennard Struff i første runde. 33-åringen, som er rangert som nummer 23 i verda, er kjend for sin gode serve. Lindås Olsen meiner han har andre kvalitetar som også kan vere vanskelege å spele ut.
– Han har først og fremst ein vanvitig god serve. Han server utruleg hardt, og så har tyskaren utruleg bra touch. Han har eit breitt spel, han kan bruke slice, han har bra volleyspel. Han er eigentleg bra i alle situasjonar. I tillegg er han kjempehøg, så han er vanskeleg å spele ut.
Nordmannen har møtt Struff tre gongar før, og har aldri gått sigrande ut av oppgjera. Sist gong dei to møttest, var i Masters 1000-turneringa i Monaco, der Struff vann 6-1, 7-6.
– Han er ein type som kan få Casper litt bak i banen og på defensiven. Då veit vi at Casper slit, seier eksperten.
Eksperten er likevel positiv til at det kan gå Ruud sin veg.
– Ruud har ei moglegheit, men eg trur det er ein tøff motstandar. No har riktig nok Struff spelt lite tennis den siste tida. Han har ikkje spelt noko etter grassesongen, så han er eigentleg eit usikkert kort.

Tøff motstand

Om Snarøya-guten tar seg vidare frå møtet med Struff, vil han anten møte argentinske Tomas Martin Etcheverry, eller ein kvalikk-spelar som ikkje er bestemt.
Etter det oppgjeret vil det bli tøft vidare for Ruud. Han kan møte verdseinaren Carlos Alcaraz i ein eventuell kvartfinale, før det kan bli eit nordisk oppgjer i semifinalen mot danske Holger Rune.
På andre sida av tablået finn ein spelarar som Alexander Zverev, Stefanos Tsitsipas, Andrey Rublev og Tommy Paul. Desse er spelarar Ruud kan møte i ein eventuell finale. Den norske tennisstjerna møtte Paul under Laver Cup i helga, der nordmannen gjekk sigrande ut, 7-6, 6-2.
Sjå kva Casper Ruud hadde å seie om Laver Cup-opplevinga i 2022 øvst i saka.

Tre turneringar i Asia

Skal det norske tennissesset ta seg heilt til finalen, vil den gå onsdag 4. oktober.
Turneringa har ikkje blitt arrangert sidan 2019, på grunn av covid-19.
Etter at Ruud har vore i aksjon i ATP 500-turneringa, går turen vidare til Shanghai og ei Masters 1000-turneringa. Snarøya-guten vil avslutte opphaldet i Asia med ATP 500-turneringa Japan Open i Tokyo.
Sett denne?
picture

Legenden røper ønske: – Jeg er åpen for tanken

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame