Populære sporter
All sport
Vis alt

Casper Ruud med maktdemonstrasjon i Barcelona Open – fekk revansje mot Jordan Thompson

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 18/04/2024 klokken 17:56 GMT+2

Casper Ruud er vidare i ATP500-turneringa i Barcelona.

Slik har du aldri sett stjernene før

  • Følg Casper Ruud og resten av tenniseliten i alle Grand Slam-turneringane ut året på discovery+
Torsdag kveld tok Casper Ruud seg vidare til kvartfinalen i Barcelona Open etter at han slo ut Jordan Thompson.
– Sjølv om han er eldre enn meg, utnytta eg at eg har meir erfaring på grus. Eg utnytta også at eg er i bra form, sa Ruud i sigersintervjuet.
Ruud var svært overlegen i første sett. Han braut australiaren ved første anledning, og tok seg opp til 4-0. Thompson reduserte til 1-5, men etter ein dryg halvtime tok Ruud settet med siffera 6-1.
I neste sett vart det jamnare. Ruud braut på stillinga 3-3, og enda til slutt opp med å ta andre sett 6-4.
– Eg er i god form, og kanskje i betre form enn eg var i fjor. Alle kampar eg vinn framover, er bra for meg. Eg får halde det gåande, sa nordmannen.
Italienske Matteo Arnaldi ventar i kvartfinalen for Ruud. Dei har berre møtt kvarandre éin gong tidlegare, på grus i Madrid april 2024. Der gjekk italienaren av med sigeren i strake sett.
Dermed fekk Ruud revansje frå finaletapet mot Thompson i Los Cabos Open i slutten av februar. Der vann Thompson i strake sett, same dag som Thompson slo Ruud og partnaren William Blumberg i double i same turnering. Den turneringa var på hardcourt.
Sett denne?
picture

Frekt Ruud-poeng: – Den er rå


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame