Populære sporter
All sport
Vis alt

Følg Casper Ruud mot Stefanos Tsitsipas i finalen i Barcelona Open på Eurosport.no.

S. Tsitsipas vs C. Ruud | Barcelona
Single menn | Finale | 21.04.2024 | Pista Rafa Nadal
Fullført
S. Tsitsipas (6)

C. Ruud (3)
5
3

7
6
Direkte
Liveoppdatering
Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 21/04/2024 klokken 17:47 GMT+2


Takk for følget!
Casper Ruud har tatt sin største siger! Han vinn ATP 500-turneringa i Barcelona mot Stefanos Tsitsipas! Han får revansje.
Han har tre matchpoeng, men tar det på den første!
Ruud har matchpoint!
Ruud tar første stikk! Eit litt unøyaktig slag frå Tsitsipas som går ut.
No har Ruud moglegheit til å serve tittelen heim!
Sett 2: 5-3 til Ruud
Tsitsipas kjem seg gjennom nok ein gong.
Huff, Ruud slår ut på ein veldig god moglegheit. Smiler likevel etter poenget. 40-30 til Tsitsipas.
For ein serve frå grekaren! Rett på linja. Dommaren må ned å sjekke poenget, men det blir dømt inn. Ruud aksepterer det.
Ruud er berre to poeng unna den største sigeren i karrieren!
Tsitsipas utliknar, men så slår Ruud tilbake! Returen er djup, og Tsitsipas slår langt ut. 30-15 til Ruud.
Han tar det første poenget etter ein dobbeltfeil frå Tsitsipas.
Kva kan 25-åringen frå Snarøya få til no?
Sett 2: 5-2 til Ruud
Ruud tar gamet blankt! No manglar han berre eitt game før han har sikra den største tittelen i karrieren!
Sett 2: 4-2 til Ruud
Tsitsipas kjem seg heilskinna gjennom etter at han redda to breakballar.
Ein svært god serve frå Tsitsipas, og han er berre eitt poeng unna frå å halde gamet.
Men Tsitsipas reddar nok ein gong. Ruud er svært uheldig. Ballen balanserer øvst på nettet, men dett ned på nordmannen si side.