Populære sporter
All sport
Vis alt

Uno-X med sin første topp ti plassering etter massespurt

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 25/07/2023 klokken 17:59 GMT+2

Det vart ein massespurt i den fjerde etappen av Tour de France. Der var SD Worx-ryttar Lorena Wiebes sterkast.

Lorena Wieber vann massespurten på den 4. etappen.

Foto: Getty Images

Collonges-La-Rouge - Montignac-Lascaux (147,5 km)
Etappen som syklistane skulle gjennom, vart spådd å bli ein dag for dei raske spurtarane, sjølv om ryttarane skulle over fem stigningar.
Lorena Wiebes (SD Woorx) vann dagens etappe, etter at feltet tok igjen eit solobrot rett før målstreken.

To solobrot

Det vart forsøkt to solobrot under etappen. Kathrin Hammes var den første som fekk eit forsprang på feltet, men med omtrent 80 kilometer igjen av etappen, var feltet samla igjen.
Julie van de Velde gjekk så åleine i brot, og fekk ei stor luke. Med 36 kilometer igjen av etappen, hadde ho omtrent to minutt ned til hovudfeltet.
Forspranget held fram med å auke, men haldt likevel ikkje heilt inn, og van de Velde vart henta inn av feltet med berre få meter igjen til mål.
– Det er noko av det tettaste eg har sett, seier Discoverys kommentator Andreas Staune-Mittet.
Sjå feltet hente inn Julie van de Velde få meter før mål:
picture

Solobrotet blir henta inn rett før målstreken: – Noko av det tettaste eg har sett

Andersen med solid spurt

Susanne Andersen, Uno-X-syklist, enda som nummer åtte på dagens etappe, og vart med det beste nordmann.
– Det er veldig, veldig godkjent av den norske meisteren, seier Staune-Mittet.
Til TV 2 fortel syklisten at ho følte seg bra, men blei hindra.
– Det var eigentleg mykje stress i feltet med å halde posisjonen. Eg kjente veldig tidleg at presset var på. Eg bomma litt på svingen og måtte bremse litt, sa Andersen til TV 2 og la til:
– Eg trur eg blei hindra av folk som datt av spurtopptrekkarane. Eg ville ikkje gamble for mykje, heller.
Andersen har uttalt til Discovery at det er dei første etappane av touren som passar ho best:
– Eg går inn for å vere bra frå start. Dei tidlegare etappane passar meg litt betre, så eg må vere 100 prosent frå start. Den siste helga er ikkje for meg i det heile tatt.

Uno-X- og Coop-Hitec ryttar braut

Marte Berg Edseth måtte bryte rittet på grunn av sjukdom. Etter etappen på måndag, låg Edseth sist av Uno-X-ryttarane.
Det er no to norske ryttarar igjen på laget, Susanne Andersen og Mie Bjørndal Ottestad.
Også Coop-Hitec-ryttar Lucie Jounier måtte bryte undervegs i etappen.
Onsdag skal ryttarane gjennom den fjerde etappen, som går frå Cahros til Rodez, og er 177.5 kilometer lang. Touren går over åtte etappar.
Sett denne?
picture

Belgisk triumf i Tour de France

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame