Populære sporter
All sport
Vis alt

Stjernefall i Tour de France

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 27/07/2023 klokken 15:27 GMT+2

Fleire ryttarar bryt Tour de France.

Lorena Wiebes.

Foto: Getty Images

  • Følg den femte etappen av Tour de France på discovery+..
Fleire stjerneryttarar trekk seg frå Tour de France Femmes.
Blant dei er Coop Hitec-syklist Jenny Rissveds.

– Klarer ikkje restituere seg

– Ho klarer ikkje restituere seg, og er utslitt. Ho er ikkje vand med så langt, fleire dagar på rad, seier lagsjefen i Coop Hitec, Karl Lima, til Discovery.
Før Tour de France uttalte laget at dei hadde mål om to topp ti-plasseringar i det franske prestisjerittet. Rissveds kunne vere viktig for å oppnå dei måla, men sjølv hadde ho lite fokus på resultat då ho gjekk inn i touren.
– Eg pleier ikkje å ha nokre resultatfokus og forsøker å fokusere på korleis eg skal gjennomføre. Normalt pleier eg å ha andre mål: Gje alt, ta for meg i feltet og vere offensiv. Det handlar like mykje om det, som resultatet, sa Rissveds til Discovery før Tour de France Femmes.
Rissveds er nyleg svensk meister på tempo, og blant verdas beste terrengsyklistar.

Sprintfavoritt trekk seg

Heller ikkje Lorena Wiebes stiller på start på den 5.etappen.
Det melder Team SD Worx på Twitter.
Syklisten, som vann den tredje etappen, og var ein av favorittane før torsdagens etappe, har hatt mageproblem den siste tida.
– Sjølvsagt er dette eit sportsleg tap for Team SD Worx, for det var framleis sprintmoglegheiter. Men helsa råder alltid, seier sportsdirektør for laget, Danny Stam.
Sett denne?
picture

Nederlandsk overraskelse i Tour de France: – En liten sensasjonsseier

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame