Populære sporter
All sport
Vis alt

Kommentatorens spådom: – Fleire som kan overraske

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 22/07/2023 klokken 22:20 GMT+2

Søndag startar den andre utgåva av Tour de France Femmes. I år er det ei historisk norsk deltaking med to norske lag på startstreken i Clermont-Ferrand.

Demi Vollering er ein av favorittane til å ta samanlagtsigeren i Tour de France Femmes.

Foto: Getty Images

I årets utgåve av Tour de France Femmes, er to norske lag med. Coop Hitec skal for første gong delta i verdas største sykkelritt, medan Uno-X Pro Cycling Team stiller på startstreken med meir erfaring i banken.
Discovery-kommentator Andreas Staune-Mittet meiner det er håp for fleire gode plasseringa for dei norske laga.

– Litt ambisiøst

Coop Hitec har uttalt at dei har mål om to topp ti-plasseringar, og ein topp 15 i samandraget. Det meiner Staune-Mittet er litt ambisiøst.
– Eg augnar eit lite håp på topp ti, men ingen topp 15 i samandraget.
Han trur at Jenny Rissveds er ei av dei som kan køyre inn nokre gode resultat.
– Ho er nyleg svensk meister på tempo, blant verdens beste terrengsyklistar og har hatt ein god sesong til no. Det er ikkje verdas største ritt ho har køyrt, men ho viser kvalitet ved å vinne ritt samanlagt og ta etappesigrar.
For dei andre Coop-ryttarane, trur kommentatoren at det finst nokre jokerar:
– Eg er litt usikker på korleis dei er formmessig, men det er fleire der som kan overraske. I hovudsak er det eit ritt der dei har moglegheit til å hente mykje erfaring og vakse som ryttarar, spesielt dei norske.

Kan prege etappene

Uno-X tar med seg tre norske ryttarar til Tour de France. Av dei trekk Staune-Mittet spesielt fram Susanne Andersen:
– Ho har vist gode takter så langt i sesongen. Det ser også ut som at ho blir sterkare etter fleire dagar med ritt, slik som andre folk frå Stavanger gjer, seier han og hintar til Alexander Kristoff.
Han trur også at Mie Bjørndal Ottestad kan prege fjelletappene og har ein reell sjanse på tempoetappen.
– Ho kan absolutt blande seg inn i ein topp ti på den avsluttande tempoen.
Ifølge kommentatoren blir Maria Giulia Confalonieri ei viktig brikke i Uno-X-laget på dei kuperte etappene.
– Anten for resultat sjølv, eller som hjelperyttar. Ho har levert nokre svært gode resultat for Uno-X-laget, som stadfestar at ho var ei god signering.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Abrahamsen med enorm prestasjon – slått på målstreken i spurten

Klare favorittar

Utanom dei norske håpa, meiner Staune-Mittet at det er klare utanlandske favorittar i årets Tour de France.
– Alle ryttarane på Team SD Worx kan vinne. Ryttarane kunne køyrt gode ritt åleine, men eg tipper dei kjem til å køyre knallhardt for ein samanlagt siger for Demi Vollering.
Ifølge Staune-Mittet kan Vollering utfordre fjorårets sigerskvinne, Annemiek van Vleuten, om ho har treft godt på høgdeopphald før årets tour.
Kommentatoren trekk også fram namn som Elisa Longo Borghini og Katarzyna Niewiadoma, i tillegg til van Vleuten.
– Ein kan aldri avskrive Niewiadoma.

Åtte etappar

Syklistane skal gjennom åtte etappar som fordeler seg utover åtte dagar.
– Det er fire relativt flate etappar, to kuperte og ein ordentleg fjelletappe med målgong på toppen av Col du Tourmalet. Touren blir avslutta med ein inviduell tempo, fortel Staune-Mittet.
Staune-Mittet trur det vil bli vanskeleg for dei norske laga å vinne opningsetappen, men at den andre og den siste etappen kan vere ein stad dei kan markere seg.
– Det kjem sjølvsagt an på korleis det blir køyrt undervegs, og korleis det blir kontrollert. Enkelte av dei norske håpa må gamble på å kome seg i ei redusert gruppe eller brot.
– Mie kan køyre fort på avsluttande tempo. Det same kan Jenny Rissveds, legg Staune-Mittet til.
Alle etappane i Tour de France Femmes kan du sjå på discovery+ og Eurosport1:
  • Søndag 23.juli frå 12:00.
  • Måndag 24.juli frå 15:00.
  • Tysdag 25. juli frå 15:00.
  • Onsdag 26. juli frå 15:00.
  • Torsdag 27. juli frå 15:00.
  • Fredag 28. juli frå 15:00.
  • Laurdag 29. juli frå 16:05.
  • Søndag 30. juli frå 15:20.
Sett denne?
picture

Jumbo-Visma-taktikk vekker oppsikt: – I alle dager er det dere gjør?

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame