Populære sporter
All sport
Vis alt

Ørn-Kristoff til topps: – Nok eit bevis på talentet

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 19/04/2024 klokken 18:35 GMT+2

Felix Ørn-Kristoff gjekk heilt til topps på den andre etappen av Eroica Juniores fredag ettermiddag.

Felix Ørn-Kristoff.

Foto: Getty Images

  • Sjå Liège–Bastogne–Liège søndag på discovery+
Etappen vart avslutta med ein spurt der i overkant av ti ryttarar kjempa om sigeren. Felix Ørn-Kristoff var sterkast der, og sikra nok ein etappesiger i år. Rittet er eit nokså stort ritt i aldersbestemte klassar.
– Det er nok eit bevis på talentet hans. Ser du på resultatlista bak han dukkar det opp mange namn som allereie er signert inn i utviklingssystema til andre WorldTour-lag, seier Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
18-åringen har også signert for eit WorldTour-lag. I februar vart han henta av det belgiske sykkellaget Intermarché-Wanty.
– At Ørn-Kristoff blei plukka opp av Intermarche er ingen tilfeldigheit, meiner Magelssen.
Kontrakten varar ut 2027-sesongen, og då laget annonserte signeringa skreiv dei at Ørn-Kristoff var tiltenkt ein plass på verdstouren frå 2026.
Ørn-Kristoff er veslebroren til Uno-X-ryttar Alexander Kristoff, som sjølv har sykla for det belgiske laget. Den erfarne ryttaren hadde ein finger med i spelet då 18-åringen skulle bestemme seg for lag.
– Eg har beundra Intermarché sine ryttarar i lang tid allereie. Då dei sykla for laget, så oppfordra både broren min Alexander Kristoff og Sven Erik Bystrøm meg til å bli med på dette laget. Det passar mine behov bra, sa Ørn-Kristoff då han hadde signert for laget.
Sett denne?
picture

To ryttarar i stygg velt: – Utruleg trist


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame