Førehandsfavoritten skal ha blitt truga med diskvalifisering
Oppdatert 07/05/2024 klokken 19:31 GMT+2
Tadej Pogacar møtte opp til start med ein ny shorts på etappe fire av Giro d'Italia. Det skal han ha gjort etter streng beskjed frå UCI (Det internasjonale sykkelforbundet).
Lausna endeleg for italienaren på heimebane: – Berre å ta av seg hatten
Video credit: Eurosport
- Følg Giro d'Italia på Eurosport.no, discovery+ og den nye strømmetjenesten Max!
Tadej Pogacar vann etappe to av Giro d'Italia søndag, og kunne med det sykle i den rosa trøya på etappe tre. Giro d'Italia-leiaren hadde også ein burgunderraud «skinsuit» som han skal ha fått levert av arrangøren.
Shortsen hadde same farge som fotballtrøyene til Torino, og skulle vere til minne for flykrasjen 4. mai 1949 der 31 personar på fotballaget mista livet.
Dagen etterpå var den burgunderraude shortsen borte, og heller bytta ut med ein vanleg svart shorts.
– No har eg shorts, men ikkje skinsuit, så kanskje eg ikkje kan angripe i dag, fordi eg ikkje er rask nok, spøkte Pogacar til Discovery i førekant av etappe fire.
Sjå massespurten i etappe fire av Giro d'Italia øvst i saka.
Kunne bli diskvalifisert
Slovenaren fortel vidare at det ikkje var hans eige val å byte shorts på etappe fire.
– Eg veit ikkje kor mykje eg kan seie. Arrangøren gav oss skin suiten, så eg sykla med den på. Så blei vi ringt opp av UCI som sa at det ikkje var lov.
Ifølge nettstaden Cyclingnews skal Pogacar ha blitt truga med å bli diskvalifisert om han sykla med den farga shortsen på etappe fire, då det var motstridande med UCI sitt reglement rundt fargeestetikk.
Ueinig
Det er ikkje leiaren i RCS Sport, som arrangerer Giro d'Italia, einig i.
– Etter mi meining er det absolutt i samsvar med reglane. Det er klart at det er litt annleis frå det som har vore tidlegare, men etter mi meining, og produsenten Castelli si meining, er fargane i harmoni med kvarandre og matchar, seier han til Discovery.
Pogacar har 46 sekund ned til Geraint Thomas i førekant av etappe fem.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/05/3962460-80443908-2560-1440.jpg)
Her sikrer Kristoff årets første seier
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame