Populære sporter
All sport
Vis alt

Hyllar norsk ryttar: – Som taco på fredagskvelden

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 14/05/2024 klokken 09:18 GMT+2

Discoverys sykkelkommentator er svært imponert over det Vegard Stake Laengen har vist så langt i Giro d'Italia.

Tadej Pogacar tar sin tredje Giro d'Italia-etappesiger

Tadej Pogacar har ei solid leiing i Giro d'Italia-samandraget til no. I tillegg står han med tre etappesigrar. Dominansen er mykje takka vere norske Vegard Stake Laengen.
I utgangspunktet skulle UAE Team Emirates ha med klatraren Jay Vine, men etter ein stygg velt i Baskerland Rundt måtte han melde forfall. Då kom det eit klart ønske frå samanlagtfavoritten Pogacar: Han ville ha med norske Stake Laengen på laget.
– Det er eit trygt val, og det er ikkje tilfeldig. Stake Laengen er som taco på fredagskvelden: Ein veit akkurat kva du får, og han er til å stole på, seier Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
Men til no har ikkje nordmannen levert slik han plar. Ifølge Magelssen har han nemleg vore langt betre.
– Det er terningkast seks. Han har levert noko av det beste eg har sett av han. Han har gjort det han alltid har gjort, som er å taue feltet i ei æve, men så langt i Giroen har han også klatra vanvitig godt.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Dramatisk avslutning – Pogacar ofret seg for lagkameraten

– Målgjevande pasning

Ein av etappesigrane til Pogacar kom på etappe åtte. Slovenaren hadde eigentleg ikkje planar om å kjempe om sigeren den dagen, men etter ein solid drajobb av både Stake Laengen og danske Mikkel Bjerg var det til slutt Pogacar som kryssa mållinja først.
– Ein får ikkje ein meir målgjevande pasning enn det. Han har vore fantastisk, seier Magelssen om den norske ryttaren.
Sjå målgongen på etappe åtte øvst i saka.
I tillegg til Stake Laengen er norske Tobias Foss framleis med i Grand Tour-rittet. Torstein Træen måtte bryte etter ein velt på opningsetappen.
Foss fekk sjølv eit møte med asfalten på etappe fem, noko Magelssen trur påverkar Vingrom-ryttaren.
– Eg synest han verkar å bære preg av velten. Han meldte sjølv at det gjekk fint, men eg veit ikkje heilt kvar vi har han. Han har i alle fall gjort det beste ut av ein lei situasjon.
Den tidlegare verdsmeisteren i tempo tok det svært roleg på den første tempoetappen av Giro d'Italia, som kom berre to dagar etter velten.
– Eg håpar han er bra nok til å køyre ordentleg på laurdagens tempo. Han er god på slike type tempoar, men samtidig har ein Filippo Ganna i ellevill form.

Overrasking

Etter ei veke på dei italienske landevegane har Pogacar to minutt og 40 sekund ned til Bora-hansgrohe-ryttar Daniel Felipe Martínez. Magelssen trur at Pogacar-dominansen i samandraget kjem til å helde fram utover.
– Samtidig er Giroen alltid uføreseieleg. Pogacar er ikkje skotsikker. Det verker som det no, men han skal sykle og halde seg frisk og skadefri. Han har ikkje vunne enno. Eg håper nokon kjem til å prøve på eitt eller anna stunt og klarar å utfordre han.
Sjølv om Pogacar-dominansen var spådd, har det vore nokre overraskingar så langt i Giroen, blant anna Jhonatan Narváez som spurtslo Pogacar på opningsetappen. Det var ein etappe som skulle passe samanlagtfavoritten godt.
– Det luktar ein Giro der ein kan få ein del kule enkeltetappar, for der har den levert så langt.
Tysdag skal ryttarane ut på ein 142 kilometer lang etappe frå Pompeii til Cusano Mutri.
Fått med deg denne?
picture

Elleville jubelscenar: – Kunne ikkje førestilt seg det her



Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame