Populære sporter
All sport
Vis alt

Rasar mot arrangøren: – Vi er klovnar i eit sirkus

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 13/05/2024 klokken 21:13 GMT+2

Geraint Thomas retta kraftig kritikk rundt sikkerheiten i Giro d'Italia etter etappe ni.

Reagerer på etappane: – Det er definitivt ikkje trygt

Ineos Grenadier-ryttaren Geraint Thomas er ikkje særleg imponert over arrangørane av Giro d'Italia så langt.
Etter etappe ni gjekk han hardt ut mot vegane som ryttarane syklar på.
– Eg er overraska over at vi konkurrerer på vegar som det der, for å vere ærleg. Det er hol overalt, og vi hoppar rundt. Folk snakkar mykje om sikkerheit for tida, og det er definitivt ikkje trygt. Vi er berre klovnar i eit sirkus, sa Thomas til Discovery.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Nordmann gjekk i bakken: – Dårleg timing

– Totalt kaos

Han meiner at dei siste kilometerane var spesielt farlege.
– Det var totalt kaos. Det er ganske skummelt når ein har folk som er ganske desperate, og så er det svære hol overalt.
Thomas vart nummer 32 på etappen etter ein massespurt. Det var han nøgd med etter at han velta undervegs på etappen.
– Det gjekk fint. Eg kom meg raskt opp igjen i gruppa. Eg er berre glad eg kom meg gjennom den etappen.
Tobias Foss var også involvert i velten, men frå det TV-bileta viste verka det som at nordmannen berre stoppa opp, og kom seg unna sjølve velten.

Kjempar i samandraget

Thomas kjempar i samandraget i Grand Tour-rittet. Han ligg 2 minutt og 58 sekund bak Tadej Pogacar som er i leiinga.
Måndag har ryttarane kviledag før dei skal ut på ein 142 kilometer lang etappe frå Pompeii til Cusano Mutri tysdag.
Foss og Vegard Stake Laengen er dei einaste norske i Giro d'Italia etter at Torstein Træen måtte bryte etter ein velt på opningsetappen.
Sett denne?
picture

Dramatisk avslutning – Pogacar ofret seg for lagkameraten


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame