La inn protest etter diskvalifisering – fekk ikkje medhald
Oppdatert 29/07/2024 klokken 22:44 GMT+2
Då Marie Rønningen og Helene Næss kryssa mållinja etter den første seglasen måndag fekk dei seg ei stor overrasking.
Vart sjokkert etter kjemperesultat: – Ein skikkeleg nedtur
Video credit: Eurosport
- Sjå OL på Max!
PARIS/OSLO (Discovery):
Den norske segleduoen segla inn som nummer to i det første av tre seglas. Då dei kryssa mållinja skjønte dei at dei var tatt for tjuvstart og diskvalifisert.
– Vi såg at det stod fem båtar på ei tavle over dei som var tatt for tjuvstart, og Noreg stod nedst. Det var sjølvsagt veldig kjipt, fortel Næss til Discovery.
Duoen vart mildt sagt overraska.
– Eg tenkte vi ikkje trengte å sjekke lista, og då vi gjorde det stod vi der. Det var eit sjokk og ein skikkeleg nedtur når ein har jobba så hardt og har eit så bra resultat, seier Rønningen.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/07/20/4007095-81279548-2560-1440.jpg)
Utstyrendring skapte utfordringer: – Helt ny verden
Video credit: Eurosport
Fekk ikkje medhald
Næss og Rønningen la inn protest, men fekk ikkje medhald. Det stadfestar lagleiar Erik Verås Larsen til Discovery.
– Vi har tracking og bildebevis som viser at dei ikkje var over linja og at tjuvstarten var feil. Det har vi vist dei, men dei vil likevel ikkje gjere om på tjuvstarten, seier han og held fram:
– Eg synest først og fremst det er skikkeleg trist. Når ein ikkje tjuvstartar skal ein ikkje ha med seg dei ekstra poenga, så det er vondt og trist for Helene og Marie.
Discoverys segleekspert Tiril Bue er skuffa over avgjerda til juryen.
– Eg må innrømme at eg er veldig skuffa, for eg synest ikkje det ser ut som dei er over linja for tidleg, seier ho.
– Lengre veg
Dei ligg dermed på ein 9. plass samanlagt.
– Dei er framleis i medaljekampen, men vegen er lengre. Dei kjem nok også til å bruke mykje energi i kveld på denne protesten og vere irritert på avgjerda. Det kjem til å bli ein skikkeleg jobb å snu det til noko positivt, seier Bue.
Discoverys seglekommentator Bjørnar Erikstad meiner det norske laget treng ein god start tysdag.
– Om dei får ein god start på den første seglasen kan det vere eit kjempepluss som gjer at det går bra vidare, men det kan også gå andre vegen.
Ikkje stressa
Totalt skal dei gjennom tolv seglas før eit avsluttande medaljeseglas 1. august. Der skal dei ti beste båtane i aksjon.
– Vi må kanskje auke risikoen litt og tikke inn topp fem og topp tre plasseringar, svarer Næss på spørsmål om kva som skal til for at dei skal vere med i medaljekampen no.
Trenar Thomas Guttormsen er ikkje særleg stressa:
– Vi er berre halvvegs før finalen, og finalen teller dobbelt. No er vi 16 poeng bak medaljane, så får vi sjå kva morgondagen og dagen etter bringer, seier han til Discovery.
– Bitre
Dei norske seglarane skulle ut i to seglas til måndag etter at dei fekk beskjeden om diskvalifisering, og dermed måtte dei berre omstille seg.
– Vi måtte berre legge det bak oss og segle like bra som vi gjorde. Vi kan ikkje bli for defensive.
– Vi var nok litt bitre litt lengre enn vi pleier å vere, men vi klarte å snu om og stille klare til ny start, legg Rønningen til.
Duoen vart nummer fem og ni i dei to andre seglasane.
– Vi var nok litt forsiktige i starten av resten av løpa i dag, men samtidig tok vi smarte val. Vi må berre kjempe på vidare, seier Næss.
Guttormsen er imponert over at seglarane klarte å omstille seg etter beskjeden.
– Ti minutt etterpå klarte dei å gå ut og levere eit kjempeløp til. Det er eg veldig fornøgd med at jentene klarte, seier han til Discovery.
Fått med deg denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/07/29/4012324-81384128-2560-1440.jpg)
Ingen god OL-start for Mobekk: – Håper på bedring
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame