Ekkel overrasking for medaljehåpene: – Hunden markerte det
Oppdatert 29/07/2024 klokken 15:39 GMT+2
Den norske segleduoen Helene Næss og Marie Rønningen fekk ei uhyggeleg overrasking då dei kom på hotellrommet i Frankrike.
Måtte byte hotellrom dagen før OL-opninga: – Ville ikkje ta nokre sjansar
Video credit: Eurosport
- Følg Helene Næss og Marie Rønningen i OL måndag på Max!
MARSEILLE/OSLO (Discovery):
Helene Næss og Marie Rønningen fekk ei litt annleis opplading til OL-opninga enn kva dei er vande til. Då dei kom inn på hotellrommet i Marseille laurdag mistenkte dei nemleg at det var veggedyr der.
– Dei hadde ikkje funnet det, men hunden hadde markert at det var der, fortel Rønningen til Discovery.
Det sette i gong litt av eit opplegg for den norske duoen: Dei måtte byte hotellrom og alt dei eigde av tekstil måtte frysast ned.
– Vi fekk utdelt plasthanskar og søppelsekkar, og måtte vi inn på rommet for å pakke alle tinga våre ned i søppelsekkar. Alt vi hadde på oss også, seier Næss.
Heldigvis for duoen hadde støtteapparatet nokre kle dei kunne låne, og seglekleda som dei skulle bruke søndag var aldri inne på hotellet.
– Seglekleda våre var i hamna, så dei hadde ikkje blitt utsett for noko, fortel Rønningen.
Måndagens seilekonkurranser som skulle starta rundt 12.00 er utsette. Siste beskjed er at det ikkje blir starta opp igjen før etter 13:30.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/07/26/4009710-81331853-2560-1440.jpg)
Se bildene: Her dukker de norske OL-utøverne opp på Seinen
Video credit: Eurosport
Positive
Duoen hadde ikkje begynt å klø, men dei ville ikkje ta nokre sjansar og bli vêrande på hotellrommet.
– Eg trur ikkje vi hadde sove så godt om vi hadde blitt der og tenkt at det kanskje var veggedyr. Då hadde vi sikkert klødd heile natta. Det var ei litt annleis opplading enn vi plar å ha, men vi fekk i alle fall sove, seier Næss.
Likevel såg dei positivt på situasjonen:
– Då hadde vi i alle fall noko å finne på i går, i staden for å sitje å vere nervøse. Dei sa også at vi skulle få oppgradere rommet til sjøutsikt, så det er jo noko positivt som kjem ut frå det, seier Næss.
Planen klar
Næss og Rønningen ligg på 9. plass etter dei tre første seilasane i 49er FX-klassen.
– No er vi litt i angrepsposisjon, så vi får prøve å utnytte det. Vi må starte bra, gjere det vi er gode på og ta eit løp om gongen, seier Næss.
Duoen er klare på kva dei skal gjere for å nærme seg konkurrentane framfor seg:
– Vi må kanskje vere meir bestemte på kva side vi vil på i bana, og vere litt meir aggressive. No er vi i alle fall i gong, og det er godt, seier Rønningen.
Det skal gjennomførast tolv innleiiande seilas før det blir avslutta med eit medaljeseilas 1. august. Der skal dei ti beste båtane i aksjon.
Fått med deg denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/07/20/4007095-81279548-2560-1440.jpg)
Utstyrendring skapte utfordringer: – Helt ny verden
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame