Sigersrekka held fram for Mol og Sørum: – Er i storform

Eurosport på Google

Onsdag kveld spelte Anders Mol og Christian Sørum sin andre kamp i OL i Paris. Det enda med siger.

Ny siger på Mol og Sørum: – Berre å vifte med flagget

Video credit: Eurosport

  • Følg Mol og Sørum i OL på Max!
Norge - Italia 2-0 (21-12, 21-15)
PARIS/OSLO (Discovery):
Noreg var overlegne mot den italienske duoen Alex Ranghieri og Adrian Carambula i deira andre kamp i OL.
– Det er så stor idrett det dei gutane driv med, sa Discoverys kommentator Jørgen Klem.
Sørum meiner sjølv at det ikkje var ein lett siger.
– Det er ein slitekamp, det er tunge forhald, svetten berre renn. Vi er sjukt på kvar einaste ball, og så blir marginen ok etter kvart, seier han til Discovery.
– Vi visste at det kom til å bli ein tøff kamp. Om dei kjem seg på får vi fram gorillaen til Carambula. Då byrjar han å flekse. Men eg såg ingen fleksing no, legg Mol til.
Fått med deg denne?
picture

Avbryt makkeren: – Nei, du var heilt rå!

Video credit: Eurosport

– Var litt bekymra

Noreg opna det første settet med å få ei tidleg leiing. Den auka dei utover settet, og vann til slutt 21-12.
Andre sett var noko jamnare, men mot slutten drog den norske duoen i frå og vann 21-15.
– Det er berre å vifte med det norske flagget, for Noreg er i kanonform, sa Klem.
Carambula er kjend for sin ekstreme serve, men det var ikkje noko problem for den norske duoen.
– Vi var litt bekymra, men den var ikkje noko effektiv i det heile tatt. Anders hadde full kontroll, sa Discoverys ekspert Jan Kvalheim.

Nederland i vente

Den norske sandvolleyballduoen fekk ein pangstart på sommarens meisterskap, då dei sigra mot Chile i strake sett i OL-opninga.
– Eg er imponert over at dei held fram det gode spelet sitt frå første kampen. Dei møter eit betre lag enn Chile. Italia kan i utgangspunktet skape litt trøbbel, men dei var ikkje i nærleiken, sa Iver Horrem i Discoverys studio etter kampen.
I neste kamp ventar Nederland for den norske duoen. Då vil det vere ein kamp for gruppesigeren.
– Vi skal spele vårt beste neste kamp, så går vi for puljesiger då.
Dei to beste frå kvar gruppe går direkte til åttedelsfinale.
Mol og Sørum er regjerande olympiske meistrar frå Tokyo i 2021. Den gong sleit dei litt innleiingsvis i leikane.
– Eg trur det at favorittstempelet har blitt tona litt ned har truleg tatt vekk litt press av skuldrane deira. No har dei også spelt for første gong framfor publikum i OL. Eg trur dei berre nyt det. Det er den arenaen dei elskar, meiner Horrem.
Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame