Draumeopning for Mol og Sørum: – Overkøyring

Eurosport på Google

Dei regjerande olympiske meistrane Anders Mol og Christian Sørum fekk ein god start på OL i Paris søndag kveld.

Mol og Sørum vann opningskampen: – Nydeleg å sjå!

Video credit: Eurosport

  • Følg OL i Paris på TVNorge, Max og Eurosport.no.
Noreg - Chile 2-0 (21-14 og 21-16)
I opningskampen møtte Anders Mol og Christian Sørum søskenbarna Marco Grimalt og Esteban Grimalt. Det enda med siger for den norske duoen.
– Det er utruleg deilig. Det var litt rusk i starten og litt typisk opningskamp der vi ikkje har heilt rytme på ting, men likevel klarer vi å knekke dei i første sett, og så føler eg at vi har grei kontroll i store delar av andre sett også, seier Mol til Discovery.
Sjå sigersintervjuet med den norske duoen. Saka held fram under videoen.
picture

Avbryt makkeren: – Nei, du var heilt rå!

Video credit: Eurosport

Stillingskrig

Laga følgde kvarandre svært tett i opningssettet, fram til det stod 13-13. Då fekk Noreg eit lite forsprang med to poeng, som dei auka vidare utover settet. Til slutt vann dei opningssettet 21-14.
– Det var stillingskrig i starten der, men så kom Noreg med ein blokk frå Anders som gir bra forsvarsspel av Christian. Det var også veldig lite angrepsfeil av gutane, sa Discoverys sandvolleyekspert Jan Kvalheim etter det første settet.
Sørum er usikker på kva som gjorde at dei fekk eit forsprang.
– Vi var i bobla og såg at det var jamt heile vegen, og plutseleg var det 21-14. Eg fekk ikkje heilt med meg kva som skjedde eigentleg. Eg trur vi hadde nokre blokkpoeng, seier Sørum til Discovery før Mol bryt inn:
– Nei, du var jo heilt rå i forsvar. Du tok mange ballar.
Den norske duoen hadde heller ikkje store problem i det andre settet. Dei fekk raskt ei leiing som dei heldt heile vegen ut.
– Det er så nydeleg å sjå. Dei er klart best, og har ingen startproblem overhovudet, sa Discoverys kommentator Jørgen Klem.
– Dei gjorde enormt lite feil i eige angrep. Dette var overkøyring og ein viktig siger for Anders og Christian, la Kvalheim til.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.

Dårlegast rangert

Den chilenske duoen er det dårlegaste rangerte laget i Noreg si gruppe, men Sørum ville likevel ikkje undervurdere motstandarane.
– Dei er kanskje ikkje favorittar på papiret, men dei har spelt veldig bra i det siste. Dei har verkeleg skrudd inn toppforma til denne turneringa her, og vi må verkeleg spele vårt beste for å dra heim sigeren, sa Sørum til Discovery før kampen.
Mol og Sørum møter den italienske duoen Alex Ranghieri og Adrian Carambula Raurich i neste kamp. Den kampen går onsdag klokka 22:00.

Brot i foten

Mol og Sørum har spelt lite kampar i år på grunn av at Mol pådrog seg eit brot i foten i mars. Han fekk operert inn skinne og var ikkje tilbake på trening i sanden før i mai.
– Vi gjekk glipp av fleire turneringar. Vi skulle helst vore forutan, sa Mol til Discovery før OL.
Duoen gjorde turneringscomeback i tsjekkiske Ostrava i juni, og har sidan den gong notert seg ein turneringssiger i Wien.
– Vi merka i Wien at ting sat, og at rytmen var på veg tilbake. Då fekk vi også sjølvtilliten tilbake.
Fått med deg denne?
picture

Har hatt banen som bakgrunnsbilde: - Magisk

Video credit: Eurosport


Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame