Mol og Sørum klar for første finale etter beinbrot
Oppdatert 14/07/2024 klokken 14:04 GMT+2
Den norske sandvolleyball-duoen avanserte søndag til finale i verdstourturneringa i Wien.
Meiner favorittstempelet er fjerna: – Skal utnytte det
Video credit: Eurosport
- Følg Mol/Sørum i opningskampen i OL 28. juli på Max!
Søndag spelte Anders Mol og Christian Sørum semifinale i verdstourturneringa i Wien mot den tyske duen Nils Ehlers og Clemens Wickler.
Der klarte dei å avansere til finale.
– Det er fantastisk å spele finalen her. Det følast ut som heimebane, ettersom vi ikkje har ei turnering i Noreg, sa Mol etter sigeren.
Det er deira første finale denne sesongen, etter at Mol brakk foten tidlegare i år, og dei dermed ikkje har spelt mange turneringar.
– Etter skaden har vi ikkje spelt så mange turneringar. No føler eg meg som meg sjølv igjen, la Mol til.
Tyskarane tok tidleg grep om første sett, og fekk ei lita leiing. Den heldt dei ut settet, som dei til slutt vann 21-16. Dermed var Mol og Sørum avhengig av å vinne neste sett for å halde liv i kampen. Det hadde dei ikkje problem med, og dei vann settet 21-15.
Spelarane måtte ut i eit tredje og avgjerande sett. Der var Mol og Sørum overlegne, og hadde ei stor leiing gjennom heile settet. Dei sikra avansement til finalen ved å vinne siste sett 15-9.
Finalen blir spelt seinare søndag mot den polske duoen Michal Bryl og Bartosz Losiak.
Verdstourturneringa i Austerrike er den siste testen før Paris-leikane i sommar. Der er Mol og Sørum tittelforsvarar. Dei skal spele opningskamp 28. juli mot dei chilenske søskenbarna Esteban og Marco Grimalt.
– Det er litt av grunnen til at vi er her: Å finne rytme til OL, sa Mol.
Mol og Sørum kom seg til bronsekampen i førre turnering i Gstaad og sigra.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2021/08/07/3196801-65491288-2560-1440.jpg)
Full gullfest i hjembygda – fyrverkeri og allsang
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame