Blei vraka til OL – no legg han opp
Oppdatert 09/07/2024 klokken 15:48 GMT+2
Roaren har valt å legge årene på hylla.
Erling Holst Øyasæter.
Foto: NTB
- Sjå alt frå OL i Paris på Max!
Erling Holst Øyasæter kjempa om ein plass i ein av dei norske båtane som skal til OL i Paris. Slik vart det ikkje.
No vel osingen å legg opp som idrettsutøvar.
– Diverre må alle eventyr ein dag ta slutt, og no er tida inne for det. Eg skal ikkje til OL denne gongen heller, og sjølv om det ikkje er lenge sidan dommen falt, er eg ganske sikker på at dette var siste gong eg prøvde, skriv Øyasæter på Instagram.
Det er ein månad sidan Øyasæter fekk beskjeden om at han ikkje fekk bli med til Paris.
– Det har vore ei rar tid på mange måtar. Det er rart å ha sommarferie, for det er lenge sidan eg har hatt, og rart å ikkje møte opp på trening. Det er ein ny kvardag, seier han til Discovery.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/21/3971742-80629548-2560-1440.jpg)
Konkurransen har tæret på: – Så ærlig må jeg være
Video credit: Eurosport
Kombinasjon av fleire ting
Roaren fortel at valet er ein kombinasjon av fleire ting, men at OL-uttaket gjorde avgjerda klar.
– Det har vore eit lite ultimatum for min del. Sidan det ikkje vart OL, følte eg at det var ganske definitivt, seier han og held fram:
– Eg har heile tida unnskyldt satsinga med at eg nettopp har begynt, så eg kan bli betre til neste år. Det har eg blitt, men eg kjente no at eg eigentleg ikkje er der eg drøymde om å vere. Eg føler det er eit stykke opp til medaljane at eg ikkje klarer å forsvare det ovanfor meg sjølv.
Øyasæter dreiv med roing då han var yngre, men gav seg med det som 16-åring. Under studietida valde han å ta årene ned frå hylla.
– Då eg var yngre hadde eg ingen tanke om at idrett skulle bli vegen. Eg begynte å ro igjen med ein kompis for gøy for ti år sidan. Det bala eigentleg på seg, og då eg flytta til Oslo fekk eg plass på landslaget. Det var ikkje planen, men det blei sånn.
Når karrieren no er over planlegg Øyasæter å fullføre mastergraden sin, som han har kombinert med roinga.
– Eg skal fullføre mastergraden i kybernetikk og robotikk og få meg jobb. Eg skal også helde fram med trening for gøy. Eg skal nok hive meg på nokre konkurransar.
Heiar på lagkameratar
Sjølv om det ikkje blir OL på Øyasæter heiar han framleis på lagkameratane som skal konkurrere i Paris.
– Det blir nok for vemodig å vere i Paris, så eg blir nok sitjande heime i stua, men eg skal heie – det er det ingen tvil om.
– Korleis blir det å sjå OL frå stua?
– Då kjem eg til å ha lyst til å begynne med roing igjen. Eg elskar roing. Det blir nok tøft, men også spennande å sjå lagkameratane på TV.
Noreg skal stille fire båtar i OL. Dei stiller med følgande utøvarar:
Thea Helseth, Inger Seim Kavlie, Kjetil Borch, Martin Helseth, Lars Martin Benske, Ask Jarl Tjøm, Kristoffer Brun, Jan Oscar Stabe Helvig, Jonas Slettemark Juel, Erik André Solbakken,
Reserve M4X: Ole Amund Storlien.
Fått med deg denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/13/3967605-80546808-2560-1440.jpg)
Fant godfølelsen rett før EM: – Første gang jeg følte at det var ordentlig bra
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame