Måtte utkonkurrere broren for ein OL-plass: – Litt vanskeleg

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/04/2024 klokken 18:57 GMT+2

Hermann Tomasgaard (30) skal forsøke å gjenta bragda frå OL i Tokyo, der han segla inn til bronsemedalje.

Hermann Tomasgaard.

Foto: Getty Images

  • OL i Paris ser du på TVNorge og Max!
Under OL i Tokyo sikra Hermann Tomasgaard Noregs første medalje i segling sidan 2004. Når OL i Paris går av stabelen er det 20 år sidan Noregs førre OL-gull i idretten, og det er seglaren frå Drøbak svolten på å endre.
– Det hadde vore veldig gøy. Vi har hatt god framgang i segling siste åra, så det hadde vore veldig gøy om vi kunne tatt eit gull, seier Tomasgaard til Discovery.
I januar tok 30-åringen sølv i øvinga laser i VM. Med ein bronse i bagasjen frå førre OL er det vanskeleg for seglaren å seie at ambisjonane er noko lågare.
– Eg vil ta ein ny medalje, helst i gjævare valør, men eg seier ikkje nei takk til bronse ein gong til. Segling er ein utandørsidrett, og det er mykje som speler inn, men eg skal vere med i kampen og sjå kva det blir til slutt. Eg må berre gje det beste forsøket eg kan. Går det ikkje så går det ikkje.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Bronsevinneren om timene før OL-finalen: – Det kunne ikke vært mer stressende

Segleglad familie

Tomasgaard starta med segling i barndommen etter at faren hans kjøpte ein seglbåt.
– Eg er frå Drøbak, og det er ein fin segleforeining der. Pappaen min var veldig mykje ute på vatnet og fiskinga, så han kjøpte seg ein liten seglbåt. Då vart eg dratt litt inn i det.
Sidan den gong har segling vore ein stor del av livet.
– Eg hadde nokre venner som også begynte med segling. Mange av dei beste vennane mine har eg møtt gjennom det.
På vegen mot OL-plassen måtte han utkonkurrere sin eigen lillebror som også hevdar seg i toppen. Noreg får nemleg berre sende ein utøvar innanfor kvar disiplin i segling.
– Det er litt vanskeleg å konkurrere mot bror sin, men det er sju år mellom oss, noko som gjer det litt lettare. Hadde vi vore omtrent like gamle, så hadde det nok vore vanskelegare.
Dermed er det ikkje så mykje søskenrivalisering, heller mest familiestoltheit.
– Ein og annan gong blir eg irritert om han slår meg, men omvendt går det bra. Han blir ikkje sur om eg slår han.
I tillegg til å vere konkurrent fungerer lillebroren som ein svært god treningspartnar.
– Han stiller opp med ein gong. Det er veldig hyggeleg å trene med han, og det er ein stor gevinst å ha ein som stiller så mykje opp.

Siste OL

Tomasgaard har tidlegare uttalt til Discovery at dette mest sannsynleg blir hans siste OL.
– Eg har tatt ein jobb etter sommaren. Det kan jo vere at eg blir heilt gal av å sitte på kontor, men eg er 95 prosent sikker på at eg avsluttar heilt no.
Ifølge han er ikkje segling ein lukrativ livsstil. Han har dei siste ti åra kombinert det med å studere.
– Det har vore litt frustrerande nokre gonger. Eg er litt perfeksjonist, så det har vore periodar der eg har følt at eg ikkje har fått til nokre av delane perfekt. Det har irritert meg, seier Tomasgaard og held fram:
– I fjor vår skreiv eg masteroppgåve i marinteknikk ved sidan av satsinga. Det vart mykje jobb. All pause frå seglinga var skula, og all pause frå skulen var segling og trening.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Ungarn sin OL-plass betydde mykje for nordmannen: – Vi har jobba for dette

God utvikling

Det er ikkje berre på herresida at Noreg hevdar seg internasjonalt i segling. 19 år gamle Mina Mobekk har også segla inn gode resultat blant verdseliten.
I august enda ho på 4. plass i VM, og kvalifiserte seg med det til OL.
Tomasgaard ser positivt på den norske utviklinga.
– Vi er i ein veldig god posisjon no. Eg trur det kan bli eit bra OL.

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame