Herman Tomasgaard avslutter karrieren etter OL i Paris

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 29/02/2024 klokken 16:19 GMT+1

Den tidlegare bronse-vinnaren trur OL i Paris blir det siste i karrieren hans.

Hermann Tomasgaard.

Foto: NTB

  • Følg OL i Paris på TVNorge!
Hermann Tomasgaard (30) har satsa segling ved sidan av studiane i ei årrekke. No trur han karrieren går mot slutten.
– Det blir nok mitt siste OL slik det ser ut no, bekreftar Tomasgaard til Discovery.
Då Drøbak-seglaren begynte med sporten fekk han mykje hjelp heimefrå. Seinare har Olympiatoppen og Noregs Seglforbund bidratt til at budsjettet akkurat går rundt, men ifølge han sjølv er ikkje segling noko å leve av.
– Det er vanskeleg økonomisk. Eg skal ikkje leggje skjul på det. Det er litt kjedeleg å vere oppe i 30-åra og ikkje kunne kjøpe noko, så no er det greitt å avslutte karrieren.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Bronsevinneren om timene før OL-finalen: – Det kunne ikke vært mer stressende

Skal ta i bruk mastergraden

Før jul fullførte han mastergraden sin i marinteknikk ved NTNU. Den skal han no ta i bruk.
– Eg har tatt ein jobb etter sommaren. Eg veit jo ikkje kva som kan skje. Plutseleg blir eg heilt gal av å sitje på eit kontor, men slik det ser ut no avsluttar eg karrieren heilt. Eg er 95 prosent sikker på det.
Å skulle reise ned til Paris velvitande om at det blir siste gong han konkurrerar, trur seglaren blir spesielt.
– Det er ein litt rar kjensle akkurat det der. Eg må berre gje det beste forsøket eg kan, og går det ikkje, så går det ikkje.

Høge ambisjonar

Tomasgaard tok bronse under sommar-OL i Tokyo i 2020 i øvinga laser. Det var Noregs første OL-medalje i segling sidan 2004. I januar i år tok han VM-sølv i same øving.
Dermed er ambisjonane for dei komande leikane høge.
– Eg vil ta ein ny medalje, helst i gjævare valør, men eg seier ikkje nei takk til bronse ein gong til. Segling er ein utandørsidrett, og det er mykje som speler inn, men eg skal vere med i kampen og sjå kva det blir til slutt, seier 30-åringen.
Fått med deg denne?
picture

Her stormer de norske jentene medaljeintervjuet


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame