Norsk dommarpar tatt ut til OL: – Enorm ærefrykt og audmjukheit

Oppdatert 30/04/2024 klokken 16:44 GMT+2

Handballdommarane Lars Jørum og Håvard Kleven skal vere dommarar under OL i Paris.

Håvard Kleven og Lars Jørum.

Foto: NTB

  • Følg OL i Paris på Eurosport.no, TVNorge og den nye strømmetjenesten Max!
Det stadfestar Det internasjonale handballforbundet (IHF) i ei pressemelding.
– Reaksjonen kan vel best bli forklart som ein stor lykke-eufori. Det var dette vi hadde håpa på, seier duoen til Discovery.
Det norske dommarparet er tatt ut i lag med 15 andre par.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Løftet seg kraftig etter Rio-OL: – Jobbet intenst i mange år

Vore aktuelle over tid

Under Super Globe i november, som også blir omtalt som klubb-VM, fekk dei vite at om dei presterte der kunne dei vere aktuelle for uttaket til OL.
– Vi har hatt trua. Spesielt etter eit godt i EM i januar var håpet i aller høgaste grad til stades. Samtidig er det så mange gode par som er aktuelle, og det er mange omsyn som skal bli tatt, så vi var aldri sikre før den offisielle invitasjonen kom.
Det er berre månadar før leikane brakar laus, og dommarparet skal dermed bruke den komande tida til å førebu seg på oppgåva.
– Vi skal førebu oss på best mogleg måte. Vi drar ikkje til OL som turistar. Vi set oss nokre hårete og ambisiøse mål, både rundt prestasjonane våre, men også det at vi skal vere aktuelle for alle kampane i meisterskapet, heile vegen inn, og så må vi sørge for at vi nyt augeblinken når vi endeleg er på plass, seier dei.

Klare målsetjingar

Jørum og Kleven har dømt i lag sidan 2015. Dei slo seg saman etter at Jørum sin makkar skulle gje seg.
– Føresetnaden for at vi skulle bruke tid på dette var at vi skulle bli eit av verdas beste dommarpar. I den målsetjinga låg det klare milepælar, spesielt rundt deltaking i meisterskap.
Begge to har dømt Eliteserien i mange år, og har også fått tilliten i EM og VM. No er altså duoen klar for å dømme det høgst rangerte meisterskapet i handballsamanheng.
– Vi har tatt nokre steg det siste året, og vi føler vi har levert prestasjonar på eit jamt over høgare nivå enn tidlegare. Det er jo ein enorm ærefrykt og audmjukheit at vi førebur oss inn i eit slikt meisterskap. Vi skal jobbe knallhardt for å levere prestasjonar som gjer at vi bygger endå meiroppunder målsetjinga vår.
Under OL skal det til saman bli spelt 76 kampar. Kvinnene startar med innleiande rundar 25. juli, medan herrane skal i aksjon frå 27. juli. Finalane går 10. og 11. august.
Noreg har kvalifisert lag på både herre- og kvinnesida.
Også i fotballen vil det vere norske dommarar. Espen Eskås blir ein av 21 hovuddommarar under OL, medan Isaak Bashevkin og Jan Erik Engan skal vere assistentdommarar.
Fått med deg denne?
picture

Elleville jubelscener: Her har Norge sikret OL-plass

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame